Hopp til innhold

Bolstad krev klart sjukehussvar

Helse Førde-direktør Jon Bolstad legg sterkt press på Flora kommune om kjøp av sjukehuset.

Nærsjukehuset i Florø

VIL HA SVAR: Flora kommune og Helse Førde er samde om ein intensjonsavtale om sjukehusbygget i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kommunen har skrive under på ein intensjonsavtale med helseføretaket om å overta eigedomen for fem millionar kroner.

I dag skriv Firdaposten at både for sein avklaring og ulik oppfatning av vilkåra kan skape problem for handelen.

– For meg er spørsmålet enkelt. Vil Flora kommune kjøpe sjukehuset eller ikkje? Eg saknar tilbakemeldingar, seier Jon Bolstad til avisa.

– Vi må ha kjøp

Intensjonsavtalen førte til intern uro i Flora-politikken. Gruppeleiarane i bystyret meiner det ikkje er noko naudsynt samanheng mellom intensjonsavtalen og eit eventuelt kjøp.

Noko Bolstad avviser overfor Firdaposten.

– Vi må ha eit kjøp for å komme vidare og diskutere kva vi skal samarbeide med Flora kommune om når det gjeld samhandlingsreforma, seier han.

Ulik oppfatning

Jon Bolstad

VENTAR: Jon Bolstad venta at avtalen for lengst skulle ha vore klar for godkjenning av bystyret i Flora.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Gruppeleiarane meiner ifølgje avisa at avtalen handlar om kva spesialisthelsetenester Helse Førde skal hjelpe Flora kommune å tilby innbyggjarane sine.

– Føresetnaden for eit kjøp har heile vegen vore at intensjonsavtalane var kopla til kjøpekontrakten. Vidare at kommunestyret skulle vedta eller gje fullmakt til gjennomføring raskt, skriv Bolstad i brevet som vart handsama av gruppeleiarane denne veka.

Fekk kritikk

Denne veka fekk Bolstad kritikk for å ha stilt opp som den omstridde høgrepolitikaren sin personlege rådgjevar i eit oppvaskmøte mellom Nødseth og Høgre.

Styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen, meinte det med tanke om forhandlingane kring sjukehusbygget i Flora kunne bli eit spørsmål om habilitet.