Hopp til innhold

Politi og ambulanse ikkje uroa over det nye naudnettet

Sprikande opplysningar rundt det kommande naudnettet skapar uvisse.

Johan Brekke og Stian Sægrov

IKKJE UROA: Verken politimeister Johan Brekke eller ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, er uroa for dekningsgraden til det nye naudnettet.

Foto: Fotomontasje: Asgeir Reksnes/Simon Solheim / NRK

Tidlegare denne veka fortalde NRK at det nye naudnettet berre får 57 prosent dekning i Sogn og Fjordane.

Det kjem fram i ei hemmeleg kontrakt mellom direktoratet for Nødkommunikasjon og utbyggjaren av naudnettet.

LES OGSÅ: Naudnett i berre halve fylket - det uroar basesjef for luftambulansen

– Ut frå det som blir sagt til meg, så blir det betre dekning. Det er jo dårleg dekning nokre stader i dag, og det vil bli betre, seier politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Det planlagde nødnettet kjem til å bli for dårleg

SJÅ VIDEO: Kjell Naustdal som er basesjef for Norsk Luftambulanse i Førde, trur det nye naudnettet blir for dårleg.

– Eg er ikkje uroa

Politi- og ambulansemannskap i Sogn og Fjordane hadde tysdag eit lengre møte med Direktoratet for Nødkommunikasjon.

I sterk kontrast med stormen kring naudnettet, er politimeisteren positivt overraska over det som kom fram på møtet. Medan fylket var lova 86 prosent dekning, vil det nye naudnettet ha dekning i berre litt over halve fylket.

– Eg er ikkje uroa for politiet sin del, seier Brekke, som ikkje ynskjer å snakke om prosentar.

(Artikkelen held fram under kartet)

Naudnett dekning IKKE BRUK

DEKNINGSGRAD: Slik blir dekningsgraden til det nye naudnettet i Norge.

Foto: NRK

– Det blir betre

Politimeisteren held fast på at dekninga vil bli betre.

– Det var mellom anna konkret nemnd Veitastrondi der vi i dag slit med dekning. Ut frå det dekningskartet som mine menn såg i går, så vil der bli god dekning, seier han.

Naudnettet er etterlengta og vil gjere det mogleg for brannmannskap, politibetjentar og ambulansepersonell høve til å prate direkte med kvarandre under kriser og ulykker. Også utan at andre kan høyre på, slik ein kan på radiosambandet i dag.

Fullt av antenner

Leiar for brann og redning i Flora, Magne Igland, vart skuffa over beskjeden om at dekninga kan bli berre 57 %.

– Eg tenker meg at det vil vere katastrofalt å ha ei slik dekning, seier han og er redd brannvesenet må halde på sitt gamle VHF-samband. Også når det nye naudnettet er på plass.

– Har vi ikkje dekning på det nye naudnettet, så må vi bruke sambandet vi har i dag. I prinsippet vil det seie at du har med deg den nye radioen, VHF'en, og UHF-samband som røykdykkarsamband. Eg veit ikkje, det blir fullt av antenner i beltet på oss, seier han.

Helse positive

I Helse Førde er ambulansesjef Stian Sægrov også positivt overraska over møtet med direktoratet for Nødkommunikasjon.

– Men det står att å sjå i praksis om det som blir presentert er det som blir gjeldande. Difor har eg komne med nokre viktige innspel, seier Sægrov.

Dei viktigaste innspela frå ambulansesjefen er betre dekning på vegane i fylket og ein del turistområde dei har erfaringar med redningsaksjonar. Sægrov er også uroa over at mellom anna Lotetunnelen og Fjærlandstunnelen ikkje ligg inne med dekning.

Sande: – Uakseptabelt

Erling Sande

UROA: Erling Sande (Sp).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Justisdepartementet har knapt sagt eit ord om den nye, hemmelege kontrakten, som NRK har fått tak i. Dei viser til ei rekkje Stortingsmeldingar, og meiner informasjonen rundt det nye naudnettet har vore god nok.

Stortingsrepresentant for Senterpartiet Erling Sande seier ei halvgod dekning er uakseptabelt, og meiner den uavklara situasjonen berre skaper uvisse.

– Eg håpar no at Justisdepartementet kan gå ut og roe meg og alle som no spør seg kva som skjer og kvifor desse opplysningane har dukka opp, seier han.