Hopp til innhold

- Ver varsame ved vassdraga

Store nedbørsmengder treff Vestlandet torsdag. Vatnet kan føre til jordskred og flaum, åtvarar NVE.

Flaum i Måløy

FLAUMVARSEL: NVE åtvarer mot flaum og rasfare dei neste dagane. Bildet er frå ein flaum i Måløy i august i fjor.

Foto: Bjarne Eldevik

– Dette er det ein kallar frontnedbør, som kjem inn og treff store delar av Vestlandet, seier vakthavande hydrolog Elin Langsholt i NVE.

Det er restane av dei tropiske stormane «Leslie» og «Michael» som no fører store mengder vatn inn over kysten. I følge varselet kan heile strekninga frå Rogaland til Sunnmøre som kan vente seg mykje nedbør.

– Nedbøren startar torsdag

I varselet skriv Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) at det er venta aukande vassføring på Vestlandet, men det er ikkje venta at det blir på nivå med ein femårsflaum i dei store elvane.

– Den store nedbøren startar torsdag ettermiddag. Fram til fredag ettermiddag kan det enkelte stadar bli mellom 50 og 80 millimeter nedbør i løpet , seier meteorolog Anne-Mette Olsen ved Vervarslinga på Vestlandet.

Det er meldt at nedbøren vil råke ytre og midtre strok mest, og det er spesielt folk ved elvar som vil merke vatnet mest.

Uvêr tok vegen

Flaum på Blakset i Stryn

BLAKSET, JULI 2011: Fleire vart evakuerte etter uveret natt til 25. juli i fjor. Bildet viser skadane på Blakset i Stryn.

Foto: Silje Guddal/NRK

I juli i fjor gjorde uver skadar for fleire millionar i Lote. Etter store nedbørsmengder fossa vatnet over fylkesvegen . Flaumen førte store skadar med seg , og vegar var stengte lenge etter.

I romjula var store delar av Vestlandet utan straum i periodar, etter at uvêret Dagmar hadde gjort sitt. Telenettet falt saman, vegar var stengte, og folk kom seg ikkje på jobb

– Ver merksame

Nedbørsmengdene som no er varsla vil nok ikkje bringe like mykje skade med seg, men hydrolog Langsholt ber likevel folk som bur eller ferdast langs elvar vere merksame.

– Dei må vere merksame på at vasstanden kan stige kraftig. Det er også fint om ein er merksame på utglidingar, og ser etter fareteikn på ras og skred.

Mykje vatn i bakken, kombinert med den store nedbøren, vil nemleg gje fare for ras, spesielt i terreng med bratte skråningar, og langs elvane.

– Då går det fort lausmasseskred som kan stengje ein veg, eller stenge ein bekk, og gjere skadar, seier Langsholt.