Hopp til innhold

Inneklima stengde ambulansestasjon

I snart tre veker har ambulansestasjonen i Høyanger vore stengd på grunn av fukt og dårleg inneklima.

Ambulanse

ILLUSTRASJON: Stasjonen til ambulansepersonellet i Høyanger er stengd som følgje av dårleg inneklima.

Foto: NRK

Hovudverneombod for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Ole Petter Holand, seier tilhøva vart så dårlege for dei tilsette at han til slutt valde å stengje stasjonen.

– Det har vore lekkasje over tid, som har gått inn i betongvegg og ført til inneklima som ikjke er forsvarleg helsemessig. Tilsette fekk hovudverk og diverse symptom på dårleg luft, seier han.

Har teke tak i

Det er Høyanger kommune som eig bygget. Driftsleiar i bygg- og eigedom, Jan Kai Torvanger, seier at dei arbeider med å reparere skadane. Det er uklart kor lang tid dette vil ta.

Holand seier det er viktig å få utbetra forholda, og seier at samtlege ambulansestasjonar i fylket no skal oppgraderast.

– Vi har ei utfordring som gjeld ambulansestasjonar over heile fylket, men det er blitt teken takk i. Vi har fått krav frå arbeidstilsynet jobbar fortløpande til samtlege stasjonar i fylket er 100 prosent, seier Holand.

Ikkje første gong

Ambulansepersonellet har i periodar vakt heimanfrå, og Holand seier at stenginga ikkje får følgjer for utrykking og beredskap.

– Det vil ikkje gå utover beredskapen, seier han.

Det er ikkje første gong at inneklima tvingar helsepersonell ut frå stasjonane sine. I 2010 flytta luftambulansebasen ved Førde Sentralsjukehus inn på hotell på grunn av problem med muggsopp. Basen er no totalrenovert og personellet er attende ved sjukehuset.