Hopp til innhold

No er det heilt kvitt på fjellet

Skal du køyre over Sognefjellet eller Vikafjellet bør du kanskje vurdere vinterdekk. Begge stader ligg det snø onsdag føremiddag.

Kvitt på Sognefjellsvegen 12. september

KVITT: Klokka 09 onsdag morgon såg det slik ut på vegen over Sognefjellet. Biletet er teke frå Sognefjellshytta i retning aust.

Foto: Webkamera Sognefjellshytta

Det lakkar og lir mot vinter og i høgda er dette byrja å bli merkbart. På Sognefjellet er det onsdag morgon heilt kvitt. Det første snøfallet for hausten kom natt til sist onsdag. Råmund Mundhjeld som driv Sognefjellshytta sa då at dei venta at det ville komme ein del snø i tida framover.

Og det har det gjort. Sidan sist onsdag har det blitt langt kvitare i terrenget, og brøytesjåførane har hatt litt å gjere på. I dag er det snø og isdekke over 1300 meter og klokka 07 var det minus to grader, laber bris og lettskya opphaldsvêr på vegen over Sognefjellet.

Onsdag morgon melder Statens vegvesen også om snøbyer på riksveg 13 over Vikafjellet. På dei andre fjellovergangane er det bart og fint.

Roger Nedberge Hille på Vegtrafikksentralen i Lærdal seier snøen i vegbana på dei to fjella i Sogn for det meste er forbigåande.

– Snøen kjem om natta når det er kaldare, så tinar det utpå føremiddagen. Då blir det nok bar veg, seier Nedberge Hille.

Uansett bør folk som skal over desse to fjella vere merksame på føreforholda. Det kan altså vere snø både på kvelden, natta og morgonen.