Hopp til innhold

Vil ikkje intensivere kontrollen

På berre to månader har det skjedd fire alvorlege traktorulukker i Sogn og Fjordane. Arbeidstilsynet vil ikkje intensivere tilsynet.

Traktorulukker

SKADDE: På kort tid har det skjedd fleire alvorlege ulukker med traktor i Sogn og Fjordane. Frå venstre: kvinne i 30-åra skadd etter at traktor miste bremsene på Vassenden i slutten av juli, 28-åring kritisk skadd etter at traktor velta i Loen i slutten av august, mann (30) alvorleg skadd etter at traktor velta i Hornindal.

Foto: Montasje: privat/Bengt Flaten, Fjordingen

Fleire alvorlege traktorulukker den siste tida gjer at bondelagsleiaren i fylket er uroa. Søndag vart ein 30-år gammal mann alvorleg skadd etter at ein traktor velta i Hornindal. Dette er den siste av fire alvorlege ulukker sidan slutten av juli.

Rune Ravnestad som er tilsynsleiar for Arbeidstilsynet i Sogn og Fjordane meiner det kan vere tilfeldig at det har skjedd fire ulukker på berre to månader. Han seier dei ikkje kjem til å gjere fleire kontrollar som følgje av dette.

– Arbeidstilsynet gjer tilsyn innan landbruket heile tida, så noko intensivering på grunnlag av desse fire ulukkene, det gjer vi ikkje, seier Ravnestad til NRK.no.

Bondelagsleiaren er uroa

Leiar i Bondelaget i fylket, Per Hilleren, er uroa over dei mange traktorulukkene i fylket siste tida. Han meiner bøndene må gå i seg sjølve og oppmodar yrkeskollegaene til å i størst grad bruke traktorar med hytte, og ikkje minst sele.

– Bruk for all del traktor når du set deg i traktoren og skal køyre i terreng du veit kan vere utfordrande, sa Hilleren til NRK.no tidlegare denne veka.

Søndag vart ein 30 år gamal mann alvorleg skadd etter at ein traktor velta i Hornindal. Ulukka skjedde med ein eldre traktor utan hytte.

I slutten av august vart ein 28 år gammal gardsarbeidar kritisk skadd då ein traktor velta i Loen. Arbeidskollegaer har forklart at traktoren sklei på låste hjul nedover bakken før den velta rundt ein gong.

Dagen før vart ein person send til Haukeland universitetssjukehus med klemskader etter ei traktorulukke på Sande i Gaular. Ei kvinne i 30-åra frå Vassenden i Jølster vart moderat skadd då traktoren ho køyrde miste bremsene i slutten av juli i år. Ulukka skjedde med ein eldre traktor.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Fire alvorlege traktorulykker dei siste vekene får bondelaget til å slå alarm. Fleire av ulukkene har gitt alvorlege personskader. Traktoren kan vere farlegare enn mange trur.

– Traktorar er ein farleg arbeidsreiskap

Ravnestad i Arbeidstilsynet seier dei ikkje ser grunn til å sjå nærare på ulukker knytt til traktorar og viser til at det kan vere tilfeldig at det har vore så mange på så kort tid.

– Det kan vere tilfeldig at det skjer fire ulukker med kort mellomrom, så kan det gå ein lang periode utan, seier Ravnestad.

Han oppmodar samtidig til at folk nyttar eldre traktorar med fornuft.

– Traktorar er ein farleg arbeidsreiskap uansett, så der må ein gjere vurderingar om og når ein skal bruke traktor, seier Ravnestad i Arbeidstilsynet.

Vil ha fokus på tryggleik

Administrerande direktør i Landbruksforsikring, Håvard J. Djupedal, seier fire traktorulukker er fire for mykje. Han registrerer også at fleire av ulukkene har skjedd med eldre traktorar.

– Alle ulukker av denne typen er ei for mykje.

– Her har det skjedd mange på kort tid, og samtidig er det fleire som har skjedd med eldre traktorar der tryggleiksutstyret ikkje er på høgde med det som moderne traktorar har, seier Djupedal.

Djupedal fortel at dei gjerne vil stille opp for å få bøndene til å fokusere på tryggleik i samband med traktorbruk.

– Frå forsikringsnæringa si side ønskjer vi å bidra med skadeførebyggjande tiltak og også stimulere til at det skjer, seier Djupedal til NRK.no.