Hopp til innhold

Naboar vart vekte av støy

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet fekk natt til onsdag melding om støy og damp frå ei bedrift i Havreneset i Florø.

Fleire av naboane til bedrifta hadde vakna av bråket og politiet tok difor kontakt med dei som jobba der.

Dei fekk sjekka ut kva som stod på, og det viste seg då at det var ein steam i anlegget som stod på og slapp ut vassdamp. Det var dette som førte til levenet som heldt naboane vakne.

Ifølgje politiet vart forholdet ordna på staden.