Hopp til innhold

Samferdslepolitikarane positive til «Førdepakken»

– Konstruktivt og framtidsretta samferdslepolitikk, var orda Øyvind Halleraker (H) nytta om den mykje omtala «Førdepakken» tysdag.

Håpet om å få ein ny E39 utanom Førde sentrum stig etter at Transportkomiteen i Stortinget i dag vart informert om planane. No er det håp om at den såkalla Førdepakken kjem inn i Nasjonal Transportplan til våren.

SJÅ TV-SAKA: Stortingspolitikarane er positive til planane om eit nytt vegnett rundt Førde.

Ei ti minuttar lang orientering frå Førde-ordførar Olve Grotle (H) var nok til å overtyde medlemene i Transport- og kommunikasjonskomiteen om at «Førdepakken» må realiserast.

Prosjektet er av dei tunge for å få rusta opp E39 gjennom fylket, og målet er å få stamvegen ut av Førde sentrum.

– Førdepakken tykkjer eg er eit kjempekonstruktivt grep. No er slik at vi har behandlings- og planleggingsprosedyrer i dette landet som tek altfor, altfor lang tid. Snittet for denne typen prosjekt er ti år. Vi må få det ned til det halve, seier Øyvind Halleraker.

Positiv leiar

Også komitéleiar Knut Arild Hareide (KrF) let vel over det han høyrde. Han gjekk så langt som å seie at det er gode sjansar for at «Førdepakken» kjem inn på Nasjonal transportplan i 2013.

– Her viser Førde og kommunane rundt at ein tek eit ansvar. Ein er villig til å bruke bompengar for å få gjort viktige framsteg, seier han og stiller seg positiv til at ei prioritering av prosjektet.

– Ein av grunnane til det er at innbyggjarane seier at «dette er vi positive til. Vi stiller med eigne midlar», seier han.

Men potten er ikkje stor nok til å la alle få midlar som dei ynskjer. Med seg på turen vidare gjennom fylket og attende til oslogryta, fekk samferdslepolitikarane med seg ei klar oppmoding om å auke potten til samferdsletiltak.