Hopp til innhold

– Bolstad burde ikkje tatt rolla som Nødseth sin rådgjevar

Styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen, meiner Jon Bolstad ikkje burde delteke på eit Høgre-møte som Jacob Nødseth sin rådgjevar.

Nils P. Støyva og Oddvar Nilsen

SKEPTISK: Styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen (t.h.), er skeptisk til administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, si avgjerd om å stille som Jacob Nødseth sin personlege rådgjevar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det vakte oppsikt då det vart kjent at administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, stilte som omstridde Jacob Nødseth sin personlege rådgjevar i møte med Høgre-leiinga i fylket.

– Eg ville ikkje gjort det. For det kan lett bli ein diskusjon om habilitet. Eg trur eg ville gjort ei anna vurdering, seier styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen.

Omstridd avtale

Nilsen siktar til Flora kommune sine forhandlingar med Helse Førde-leiinga om kjøp av det gamle sjukehusbygget. Høgrepolitikaren Nødseth, som i det siste har kome med kraftig oppgjer mot fleire partifellar, var sentral i framforhandlinga av intensjonsavtalen om å kjøpe bygget for fem millionar kroner.

Denne intensjonsavtalen førte til full sjukehuskrangel mellom Ap og Høgre i kystkommunen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Bolstad

RÅDGJEVAR: Jon Bolstad har tidlegare fått kritikk for sin leiarstil. Måndag stilte han som omstridde Jacob Nødseth sin personlege rådgjevar i oppvaskmøtet med Høgre-leiinga.

Foto: Bård Siem / NRK

Heller ikkje styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, ville gjort som Bolstad.

– Eg trur eg ville tenkt meg grundig om, og trur eg neppe hadde stilt opp i ei slik rolle om eg hadde hatt ein slik posisjon som direktør i Helse Førde, seier ho.

– Vanskeleg å skilje

Ringstad trur Bolstad på at han stilte ut frå eit medmenneskeleg synspunkt, men ser at det kan vere vanskeleg for mange å skilje mellom kva rolle han hadde.

Verken Nilsen eller Ringstad vil vurdere om Bolstad er ugild i saka.

Jorunn Ringstad

SKEPTISK: Jorunn Ringstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det går an å stile spørsmål ved det, men eg er ikkje jurist så eg vil ikkje uttale meg om her ligg føre habilitet eller inhabilitet. Det må vurderast av dei som har meir greie på det enn meg, seier ho.

Kjenner ikkje Nødseth

Bolstad sjølv har ingen problem med å få vurdert sin habilitet i høve til Nødseth.

Sjukehusdirektøren seier han ikkje har noko privat omgang med høgrepolitikaren.

– Eg kan heller ikkje seie at eg kjenner han noko særleg som person. Eg kjenner han berre ut frå omtale og ut frå dei gongane eg har møtt han i formelle samanhengar, seier Bolstad.

Ingen takk

– Så du gjorde ikkje dette for å takke Nødseth for at han har støtta deg i til dømes sentralsjukehuskampen? Han har stått på eit sterkt sentralsjukehus.

– Eg har ikkje behov for å takke nokon. Vi jobbar med ei utvikling av helsetenestene basert på kva vi meiner som heilskap er viktig for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

– Angrar ingenting

Sjølv om rolla som rådgjevar vekkjer kritiske røyster, angrar ikkje Bolstad på noko som helst.

Jacob Nødseth

ORSAKA: Jacob Nødseth.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Du kan seie det slik at det er ubehageleg og det er klart at dette gir grunnlag for spekulasjonar. Det eg har god samvit for er at eg stilte opp for ein som bad meg om det i ein vanskeleg situasjon, seier han.

Nilsen meiner på si side at det må bli Styret i Helse Førde si oppgåve å finne ut av Bolstad sin gildskap.

– Det er naturleg at styret i Helse Førde tek for seg det der og går igjennom den saka, seier han.