Hopp til innhold

Svindla Nav for 66.000 kroner

Sunnfjordkvinna jobba 383 timar, men skreiv berre 13 timar på meldekortet til Nav. No er ho dømd for aktlaust bedrageri.

Kvinna erkjende straffskuld med tanke på bedrageriet, men nekta for at ho hadde gjort dette med forsett då saka gjekk i Fjordane tingrett.

Forstod ikkje

Det var frå 15. mars til 26. september i 2010 at kvinna i 30-åra leverte frå seg meldekorta utan å føre opp kor mykje ho verkeleg hadde jobba.

Retten la til grunn at kvinna av medisinske årsaker kan ha problem med å ta til seg teoretisk informasjon både munnleg og skriftleg. Det var også uklart kva informasjon ho fekk om sine rettar og plikter.

Kvinna hevda sjølv at ho aldri fekk dagpengebrosjyren, noko retten ikkje festa lit til ettersom ho hadde kryssa av for at brosjyren var både motteken og lest.

Grovt bedrageri

Nav-tilsette opplevde at kvinna først i slutten av september vart klar over korleis meldekortet skulle fyllast ut.

Retten landa på at kvinna ikkje handla med forsett då ho fekk 65.952 kroner som ho ikkje hadde krav på, men at ho rett og slett ikkje hadde forstått innhaldet og informasjonen ho hadde fått.

Likevel meiner retten at kvinna hadde fått fleire hint undervegs som burde fått henne til å reagere. Retten meinte ho burde ha teke kontakt med Nav for å få hjelp då ho oppfatta informasjonen som vanskeleg, og såg at dagpengane ikkje vart redusert.

Slepp bot

Retten dømde difor den tidlegare ustraffa kvinna for grovt aktlaust bedrageri. At det gjekk to år før saka hamna i tingretten har vore belastande for kvinna. Dette tok retten omsyn til.

Samstundes vart det poengtert i straffutmålinga at dagpengesystemet i stor grad er basert på tillit ved at eigenerklæring dannar basis for utbetalingane.

Kvinna vart dømd til fengsel på vilkår i 30 dagar. Av omsyn til kvinna sin økonomiske situasjon, fann ikkje retten grunnlag for å bøtlegge kvinna.