Hopp til innhold

Denne vegen opnar klokka 15

Statens vegvesen satsar på å opne fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein klokka 15. Iallfall viss vêret blir slik det er meldt.

Flytta sperring for ras på fv 616

OPNAR SNART: Klokka 15 fjernar dei sperringane her.

Foto: NRK.no-tipsar

– Vi har hatt synfaring på staden i føremiddag og sett på tilstanden. Dersom vêret blir slik det er meldt, med minkande nedbør frå 14-tida, så tek vi sikte på å opne vegen klokka 15, seier byggjeleiar i Statens vvegvesen, Ann Kristin Nes.

Fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein i Bremanger vart stengd måndag morgon grunna rasfare. Førre tysdag opplevde ein bilførar sitt livs mareritt då ein stein dundra ned på panseret på bilen han køyrde.

Til NRK.no uttalte føraren at han berre er glad han framleis er i live.

Følgjer situasjonen nøye

Erfaringsmessig veit ein at det kan losne både jord- og steinmassar i fjellsida i området når vêret er dårleg, og Vegvesenet valde difor å ikkje ta nokre sjansar sidan det har vore store nedbørsmengder over korte periodar dei siste dagane.

– Vi trur området tømmer seg ganske fort for vatn, men vi følgjer nøye med. Vi kjem til å ha ein ny kontroll like før klokka 15, men går alt slik vi trur, så opnar vi då, seier Nes.

Jamnt regn er ikkje så farleg

Det er meldt jamnt med nedbør vidare utover i veka, men Nes trur ikkje det betyr så mykje for strekninga.

– At det regnar jamnt, er ikkje så farleg. Det er når vi får store mengder over kort tid at det er skummelt, seier Nes.

Ho legg til at det, trass i store nedbørsmengder siste døgnet, ikkje har komme ned korkje jord- eller steinmassar i det avstengde området.