Hopp til innhold

Rørt tante såg nevøen blei fira ned

– Eg fekk tårer i auga då dei blei fira ned, seier Reidun Starheimsæter som er tanta til lærlingen som sat fast 100 meter over fjorden.

Reidun Starheimsæter

GLAD: Reidun Starheimsæter er tante til 18-åringen som blei sitjande fast i ei arbeidskorg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Redningsmannskapa har i heile dag jobba for å få ned to montørar frå ei 1x1,5 meter stor arbeidskorg - 100 meter over Nordfjorden.

– Heile familien har vaka i natt. Vi visste jo at dei måtte sitje der i natt, i svært dårleg ver, fortel Reidun Starheimsæter.

Mennene har arbeidd på kraftlina som går mellom Stavenes og Agjeld i Stryn. Måndag ettermiddag fekk dei tekniske problem med korga, slik at den ikkje kunne trekkjast attende. Eit Sea King-helikopter gav i 22-tida opp å redde ut mennene.

Her er arbeidarane endeleg på trygg grunn

BERGA: Her er arbeidarane endeleg på trygg grunn.

Foto: Øystein Torheim

– Ekstremt spennande

Det har vore veldig dårleg ver, og dei to montørane frå Sogn og Fjordane Energi har hatt ei kald og våt natt. Heller ikkje i dag klarte helikopteret å heise dei to mennene opp. Difor blei dei fira ned til ventande båtar.

I 12.30-tida var den første av dei trygt nede, og like etter var også den andre mannen ombord i båten. Då hadde det gått over eit døgn sidan dei sette seg i korga for å jobbe på kraftlinja.

– Dette har vore ekstremt spennande å følgje med på, seier tanta til 18-åringen.

Vinka og smilte

Ho blei svært letta då dei var trygt på land. Ho fekk ikkje snakka med dei, for dei to karane blei dei raskt førde inn i ein ventande ambulanse.

Trass i at dei var kalde og våte etter over eit døgn 100 meter over fjorden, smilte og vinka dei då dei var berga ned.

– Eg såg at dei smilte og det var eit godt teikn, seier ho.

Hovudredningssentralen har to alternative planar for å berge ned dei to mennene.

TEKNISKE PROBLEM: Då mennene skulle avslutte arbeidet for dagen fekk dei tekniske problem med korga. Sidan har dei site fast i korga 100 meter over Nordfjorden.