Hopp til innhold

Pågreip mann etter innbrotsraid på Eid

Politiet på Eid pågreip i føremiddag mannen som er mistenkt for å ha stole ein båt, forsøkt å bryte seg inn i ein annan båt, samt brote seg inn på ein bensinstasjon.

Innbrot ved bensinstasjon på Stårheim

BRAUT OPP DØRA: Tjuven brukte brekkjarn for å komme seg inn på bensinstasjonen.

Foto: Privat

– Vi har pågripe personen. Vi har også funne båten som han hadde stole i natt, han låg ikkje så langt ifrå der han hadde stole han. Mannen vart pågripen i bustaden sin i føremiddag, seier lensmann på Eid, Webjørn Moa.

Mannen har nekta å forklare seg for politiet om hendingane.

– Han er difor frakta til arresten i Florø. Han vil truleg bli framstilt for varetektsfengsling i morgon, seier Moa.

Har hatt ei travel natt

Mannen var tidleg ute på toktet sitt tysdag. Alt i 4-tida vakna Georg Piel, som eig og driv bensinstasjonen som er tilknytt bilverkstaden på Stårheim.

– Fleire skal ha sett ein person forlate bensinstasjonen. Vedkommande skal ha sett seg i ein båt og reist ut på fjorden, sa Piel til NRK.no i morgontimane.

Overvakingskamera på staden gav politiet tydelege bilete å gå etter, så det var ingen krevjande etterforskingsjobb for å finne fram til rett gjerningsperson.

Blir framstilt for varetekt

Moa karakteriserer mannen som ein kjenning av politiet.

– I den siste tida har han vore svært aktiv. Vi har i samråd med juristen på saka funne ut at no vil vi setje ein strek, så difor vert mannen framstilt for varetekt i morgon, seier Moa.

– Det betyr at mannen har mange forhold på samvitet?

– Etter kvart har han pådrege seg ganske mange, ja, seier Moa.

Han fortel at det var ei smal sak å finne fram til gjerningsmannen.

– Når vi først låg kor båten låg, så var det greitt å finne tak i han. Det gjekk utan problem, seier Moa.

– Vi ser saka som oppklart, og vi hadde god hjelp frå lensmannskontoret i Stryn med dette, seier Moa.