Hopp til innhold

Rysta over nedjustering av dekningskrav

Dekningskravet til det nye naudnettet i Sogn og Fjordane er nedjustert frå 86 prosent til 57 prosent. Det får Stryneordførar Sven Flo til å miste trua på sentrale styresmakter.

Naudnettet og Flo

STERKT KRITISK: Ordførar i Stryn, Sven Flo, er hovudrystande til dekningsgraden til det nye naudnettet. Skarve 57 prosent dekning skal halde for Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg har konstatert at det har vore mykje debatt rundt naudnettet. Viss dette stemmer, er dette ganske alvorleg, seier Flo.

Og han har grunn til å vere uroa. Då uvêret Dagmar råka i romjula, var Stryn ein av dei kommunane som var hardast råka.

Tusenvis av menneske i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal mista både fasttelefon, mobil og internett etter uvêret Dagmar. For mange gjekk det dagevis før dei igjen fekk kontakt med omverda.

Vart avdekt alvorlege feil

Samtidig vart det avdekt alvorlege feil ved satellittberedskapen. Fleire av Det nye nødnettet satellittelefonane som kommunane i Sogn og Fjordane etter kvart fekk tilgang på, verka rett og slett ikkje.

I ein ny,hemmeleg kontrakt med leverandøren for naudnettet, vert det slege fast at naudnettet skal dekkje langt mindre av Norge enn det Stortinget opphavleg bestilte.

I den første kontrakten som vart underskriven mellom Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) og leverandøren Motorola, skulle nær 80 prosent av landet bli dekt.

Men ifølgje ein ny, hemmeleg kontrakt som NRK har fått tilgang til, er Motorola no berre forplikta til å dekkje om lag 70 prosent av Norge.

Men i fleire fylke vert dekningsgrada langt lågare enn det. I Sogn og Fjordane og i Troms er kravet sett til berre 57 prosent. På Sunnmøre er kravet senka frå 88 prosent til 61 prosent.

Er eit langt steg tilbake

– Det er ei skremmande utvikling i forhold til det vi har fått høyre i fleire år no, at vi byggjer opp eit naudnett som skal vere optimalisert og som skal vere framtida i forhold til kommunikasjon knytt til ulike hendingar og beredskap, seier Flo.

Han stiller spørsmål ved det som har vorte sagt om at det nye naudnettet skulle bli revolusjonerande for norsk beredskap i framtida.

– Viss dette stemmer er dette eit langt steg tilbake i høve det vi har vorte førespegla. For meg er dette djupt urovekkjande. Her må nokon, altså sentrale myndigheiter, ta grep. Dei kan ikkje gøyme seg bak andre argument i forhold til desse avsløringane, seier Flo.

Han krev at noko må gjerast, og at dekninga må komme på plass.

– Den tiltrua eg har til sentrale myndigheiter er i ferd med å bli ganske tynnsliten, seier Flo.

– Same situasjon som i romjula

– Kva tenkjer du om at kravet til naudnett no er endå lågare enn før, viss det skulle komme ein ny storstorm?

– Viss ein no vel å seie at Sogn og Fjordane ikkje skal ha den dekninga som andre delar av landet får, inneber det for oss at vi har same utfordringane knytte til kommunikasjon som vi hadde då Dagmar råka, seier Flo.

Som ordførar og øvste leiar for kriseleiinga i Stryn var han ein av mange som måtte setje sin lit til satellittelefon etter uvêret sine herjingar. Og det var med vekslande hell.

– Vi får problem i forhold til politi, ambulanse, sivilforsvar, forsvar, fylkesmannens beredskapsavdeling. Vi vil vere på same stad som vi var i romjula. Det betyr at vi må klare oss sjølve, seier Flo.

Han legg til at dette er ein lite framtidsretta måte å tenkje beredskap på.

Reagerer på sentraliseringa

– Kva tykkjer du om at det er distrikta som får svi?

– Eg likar det dårleg. Eg var tydeleg på dette rett etter nyttår, då vi hadde ferske erfaringar. Vi er i ferd med å sentralisere ressursane våre i for stor grad, slik at distrikta blir skadelidande i forhold til å handtere ein krisesituasjon på lik linje med sentrale område, seier Flo.

Han har vore tydeleg på at denne tankegangen no må snu.

– Beredskap er ei nasjonal sak som er like viktig for Stryn, Sogn og Fjordane og Finnmark som for det sentrale Austlandsområdet, seier Flo.

Han peikar på at sentraliseringstanken no må snuast.

– Vi må i større grad tenkje på korleis ting skal vere ute i landet. Dette føyer seg inn i rekkja av denne sentraliseringstankegangen som myndigheitene driv med. Det likar eg veldig dårleg, seier Flo.

Nye dekningsgrader for nødnettet

Politidistrikt

Ønsket dekningsgrad for området, ekskludert saltvannsareal

 

Kontrakt fra 2007

Kontrakt fra 2012

Oslo

99%

99%

Østfold

98%

98%

Follo

99%

99%

Romerike

98%

98%

Hedmark

86%

84%

Gudbrandsdal

84%

71%

Vestoppland

88%

80%

Nordre Buskerud

85%

74%

Søndre Buskerud

96%

96%

Asker og Bærum

99%

99%

Vestfold

98%

95%

Telemark

80%

71%

Agder

80%

74%

Rogaland

89%

73%

Haugaland og
Sunnhordland

89%

75%

Hordaland

88%

70%

Sogn og Fjordane

86%

57%

Sunnmøre

88%

61%

Nordmøre og
Romsdal

84%

62%

Sør-Trøndelag

89%

76%

Nord-Trøndelag

82%

72%

Helgeland

76%

58%

Salten

52%

60%

Midtre Hålogaland

84%

62%

Troms

63%

57%

Øst-Finnmark

63%

72%

Vest-Finnmark

65%

61%

Ekspander/minimer faktaboks