Hopp til innhold

Sjå, her hoppar oldemor Agnes (79)

Heile livet har Agnes Margrete Os Blaalid (79) drøymt om å hoppe i fallskjerm. Då ho søndag fekk tandemhopp i 80-årsgåve frå barn, barnebarn og oldebarn, var ho ikkje sein å be.

Agnes Margrete Os Blaalid fekk fallskjermhopp i gåve til 80-årsdagen.

Agnes (79) hoppar i fallskjerm. Foto: Shane Dunn

– Det var heilt fantastisk. Heilt herleg, kvitrar Blaalid, etter tandemhoppet som vart gjennomført på Bjorli søndag.

Ho fyller 80 år 20. oktober, men den største presangen fekk ho på førehand frå born, barneborn og oldeborn.

– Ei heilt perfekt 80-årsgåve. Det kunne ikkje vore betre, seier Blaalid glad.

Har vore skeptisk til vêret

Ho fekk vite om presangen for vel tre veker sidan, men miste ikkje nattesøvnen av det.

– Nei, kvifor skulle eg det? Det er tryggare i lufta enn på vegen. Einaste eg har vore litt skeptisk til er korleis vêret skulle bli, men det vart jo aldeles strålande, seier Blaalid.

Den spreke 79-åringen hadde ei kjapp halvtime med instruksjon før turen bar inn i det vesle flyet som skulle ta dei 10 000 fot til himmels.

– Det var ganske trongt i flyet, men det gjekk heilt fint. I tillegg til piloten var det meg, instruktøren og ein fotograf frå Australia som foreviga det heile, fortel Blaalid, som slett ikkje var redd då ho stod i døropninga, klar til å hoppe.

Suste gjennom skylaget

– Redd? Nei, dette var då ingenting å vere redd for. Artig var det, rett og slett artig, seier Blaalid.

Idet dei kasta seg ut, var det over skylaget. I rasande fart suste oldemor gjennom dei kvite dottane som eit lyn, og fekk sjå Nordfjord i si vakraste prakt frå oven.

– Det var heilt fantastisk. Dei nydelege fjelltoppane var dekte av eit tynt melislag med snø, utsikta var nesten ikkje til å beskrive. Men det gjekk veldig fort. Gjennom skylaget trur eg vi var i fritt fall, fortel Blaalid.

Anbefaler det på det sterkaste

Ho merka eit svakt rykk i det fallskjermen løyste seg ut, og så var det berre å cruise inn på sjarmøretappen. På bakken stod ei dotter, ein svigerson og to barnebarn for å ta imot jubilanten.

– Dette kan anbefalast. Eg hadde gjort det ein gong til. Når som helst, seier Blaalid.

Ho er mor til sju, bestemor til 16 og oldemor til 14. Berre ein av borna har til no signalisert at ho kunne tenkje seg å prøve det same.

– Dei er pyser. To av sønene mine lurte på om eg var vorten gal då eg ønskte meg dette. Men det var heilt topp, ler Blaalid.

Skyr båt som pesten

Den snart 80 år gamle kvinna, som opphavleg er frå Eid, men har levd snart 61 år i Stryn, tek gjerne i mot andre utfordringar på strak arm også.

Berre det ikkje har med båt å gjere.

– Nei, båt er det verste eg veit. Det er pyton. Eg har aldri trivest i båt, sjølv om eg sym som ein fisk, seier Blaalid.