Hopp til innhold

Svenske kvinner sat fast i fjellet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To svenske kvinner i 20-åra måtte natt til tysdag ha hjelp av Røde Kors etter at dei hadde gått seg fast i fjellet i Fjærland.

Klokka 00.45 fekk politiet melding frå kvinnene som etter planen skulle ta seg frå Fjærland og opp til Flatbrehytta der dei skulle overnatte.

På vegen opp hadde kvinnene fått problem. Mykje nedbør hadde gjort terrenget vått og glatt. Etter kvart klarte ikkje kvinnene å komme seg verken opp eller ned i mørket.

Mannskap frå Sogndal Røde Kors tok seg difor opp til kvinnene saman med ein kjentmann og rundt klokka halv fem skal redningsfolka ha kome fram til dei to kvinnene i naud.

Svenskane var då vel ein halvtime frå Flatbrehytta, og saman med redningsfolka tok gruppa seg opp til hytta. Politiet opplyser at kvinnene og hjelpemannskapa vil kvile på hytta nokre timar, før dei tek seg ned att til Fjærland når det lysnar.

I mai måtte eit turfølgje på tre jenter bergast ned frå same område med helikopter. Jentene hadde utløyst fleire ras på veg ned frå fjellet og måtte søkje tilflukt på Flatbrehytta til dei fekk hjelp til å kome seg ned.