Hopp til innhold

Pågripen etter væpna aksjon

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i 20-åra vart i 22-tida måndag arrestert under ein væpna politiaksjon på Kaupanger.

Mannen skal ha trua tilfeldig forbipasserande på Kaupanger. Operasjonsleiar Agnar Dregelid ynskje ikkje å fortelje kva mannen har truga med, utanom at det vart truga med kniv.

– Vi fekk i 20-tida melding om ein mann som truga ein tilfeldig forbipasserande med kniv. Ut frå dei opplysningane vi fekk sette i vi i gang ein politiaksjon, fortel Dregelid.

Arrestert på bustad

Mannen vart arrestert på bustad like over klokka 22. I alt åtte polititenestemenn vart kalla ut i aksjonen. Mannen skal vere ein såkalla kjenning av politiet. Det er uvisst om det er rus inne i biletet

– Aksjonen gjekk veldig greitt og mannen vart arrestert utan dramatikk. Han vart teken med til Sogndal lensmannskontor, seier Dregelid.

– Veit de om kva mannen skal ha truga med?

– Det veit vi ingenting om. Det vil den vidare etterforskinga vil avkrefte eller stadfeste. Det vil bli følgt opp av lensmannen i Sogndal.