Hopp til innhold

Her slapp bondelagsleiaren med skrekken

– Eg var meir redd for at det skulle sleppe på andre plassar enn her, seier bondelagsleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane.

Fire alvorlege traktorulykker dei siste vekene får bondelaget til å slå alarm. Fleire av ulukkene har gitt alvorlege personskader. Traktoren kan vere farlegare enn mange trur.

SJÅ TV-SAK: Slik såg det ut då bondelagsleiar i Sogn og Fjordane opplevde at traktoren byrja å skli under slåtten.

I sommar opplevde han alle bønders mareritt då traktoren byrja å skli under slåtten.

Til alt hell kom leiaren i Sogn og Fjordane bondelag frå det med skrekken.

– Det er mange tankar som fyk igjennom hovudet ditt når du sit der. Eg veit eg fokuserte på å halde meg godt fast i rattet, og unngå å bli slått mot noko når traktoren stogga. Og det vart bråstogg, fortel han.

Topp moderne utstyr

Dei siste vekene har det skjedd fire alvorlege ulukker med traktor i Sogn og Fjordane. Sist på søndag då ein mann i 30-åra frå Hornindal vart sendt til Haukeland med alvorlege skader etter at traktoren han sat i velta.

Felles for desse fire ulukkene er gamle traktorar. Bondelagsleiar Hilleren hadde sjølv topp moderne utstyr då uhellet råka han.

– Eg har slått der dei siste 20 åra i all slags ver, og kjenner området. Tanken var å slå så mykje som mogleg for å bli ferdig. Eg drøymde aldri om at det skulle sleppe der. Det var andre område eg frykta meir, seier han.

– Inga god kjensle

Traktoren velta aldri, men sklei baklengs nedover den bratte skråninga, før den stogga i grøftekanten.

– Eg trykte inn bremsene, men traktoren berre fortsette. Då hadde eg ikkje så mykje anna å gjere enn å halde meg fast i rattet. Eg visste at den ville stogge veggrøfta, men hadde inga god kjensle, seier han.

Store mørketal

Dei mange ulukkene siste tida gjer Hilleren uroa.

Bondelagsleiaren kjenner seg trygg på at det innan landbruket finnast store mørketal – nestenulukker og uhell som går bra som ikkje blir rapportert inn.

– Det er mykje bratt areal og mykje nedbør. Det er ein dårleg kombinasjon for oss som driv arbeid i slike område. Men eg tenkjer alltid tryggleik når eg er her, seier han.

– Eit haldningsproblem

For uansett kor fokusert ein er på tryggleik, kan ting fort skje. Noko Hilleren sjølv fekk erfare på det regnvåte graset i sommar.

– Og då er det viktig å vere så godt sikra som mogleg i arbeidsmaskina, seier Hilleren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bondelagsleiaren i traktoruhell.

STOGGA: Slik stogga traktoren til bondelagsleiar Per Hilleren.

Foto: Privat

Kolbjørn Taklo, regionansvarleg i landbrukets HMS-teneste, fryktar at enkelte i næringa slit med eit haldningsproblem.

– Ja, enkelte har det. Ein tenkjer at det skjer ikkje meg, seier han og meiner manglande bruk av setebelte kan vere forklaringa på kvifor ein del ulukker har fått fatale følgjer.

Krav til effektivitet

Yrket vert rekna som det farlegaste i landet, og det er knytt mykje risiko til det å drive som bonde. Stadig større gardar, stadig fleire krav og meir og større utstyr gjer ikkje risikoen mindre.

Hilleren trur det er ein samansett grunn til at det skjer traktorulukker.

– Landbruket er blitt veldig effektivisert, det er blitt veldig krav mot oss at vi skal bli endå meir effektive. Kanskje er nokre av ulukkene eit resultat av at bonden stadig vekk spring fortare og fortare, delvis spør bondelagsleiaren.

– Bruk setebelte

Bruk av setebelte er noko også Hilleren trekkjer fram. Sjølv har han det montert på begge traktorane som han bruker. Når han køyrer i bratt terreng har han alltid setebeltet på.

Per Hilleren

UROA: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Då har du i alle fall gjort dei grep du kan for å sikre deg om noko går gale, seier han.

– Dersom du er uheldig og traktoren byrjar å skli, og du ikkje har kontroll og veit utfallet, så heng du fast i selen. Du blir ikkje kasta ut av traktoren eller slår borti ting, legg Hilleren til.

Må tenkje tryggleik

Bondelagsleiaren meiner det handlar om å leggje til seg gode vanar og rutinar når ein set seg i traktoren.

Sjølv hadde han ikkje våga å nytta traktorar utan hytte i bratt terreng.

– Her er det næringa sjølv som må ta grep. Det nyttar ikkje med nye pålegg. Det handlar om at vi må tenkje tryggleik når vi set oss inn i traktoren, og finne måtar å gjere arbeidet på utan at det skjer ulukker. Det handlar om oss sjølve, om gode rutinar og vanar. Noko så enkelt som å bruke hovudet, avsluttar han.