Hopp til innhold

Stod ein time i kø etter motorstogg

Fleire store køyrety fekk ein brå stogg på turen i Lotetunnelen. Ein kranbil fekk motorstopp og stod akkurat langt nok inn i vegen til å hindre passasje.

Kranbil sperrar trafikken i Lotetunnelen.

STOGG: Denne kranbilen mista all straum på eit av dei lågaste punkta i Lotetunnelen. Dermed vart det bom stogg for fleire store køyrety.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Medan små bilar og enkelte store større køyrety kunne passere, vart det bom stopp og ein times ventetid på mellom andre Brynjulf Frøysa frå Stranda.

– Det var akkurat passering på breidda, men kranbilen fekk motorstogg på det lågaste punktet. Medan tankbilar kunne passere, var det uråd for oss med skåpbilar å passere, seier han og fortel at ein tankbil kan vere opp til halvmeteren lågare enn skåpbilane.

Stod vel ein time

Frøysa var på veg frå Førde til Romsdalen, men fekk ein time meir enn planlagt i Lotetunnelen. Rett ved inngonge på Lote-sida fekk ein kranbil på veg frå Åheim til Førde problem med dynamoen. Dermed mista den straumen og vart ståande bom fast.

Då NRK køyrde forbi i 20-tida, stod det kring ti vogntog og venta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kranbil hindra store bilar å køyre gjennom Lotetunnelen.

KØ: Fleire store bilar måtte vente til kranbilen var flytta før dei kunne køyre vidare.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg kom like over klokka 19, så det vart ein god time i tunnelen, seier Frøysa i 20.30-tida. Då var han på veg ut av tunnelen.

– Ingen sure mine

Han seier stemninga var god mellom dei mange som ikkje kom seg forbi havaristen.

– Det vart til at vi prøvde å dirigere trafikken, og sleppe forbi personbilar. Det var ikkje vits å prøve å risikere noko med utstyret, seier han og fortel at det var ingen sure mine blant dei ventande.

– Nei da. Folk forstod. Uhell skjer, seier han.

Høgda var problemet

NRK.no får opplyst hos kraneigar, Førde kranutleige, at bilberging er bestilt og at kranbilen så raskt som råd blir flytta til ferjekaien på Lote.

Sjølv om motorstoggen skapte problem, meiner Frøysa at ting gått smidigare om tunnelen hadde hatt betre standard.

Det vart for ei tid attende gjort ein god del arbeid i tunnelen for å utvide den.

– Det vart noko betre, men tunnelen held ikkje standard. Den er for låg, seier han og håpar at han når neste ferje på veg nordover. Då klarer han akkurat å komme seg til Romsdalen før han må kvile.