Hopp til innhold

Dyr hestekrangel for sunnfjording

Sunnfjordingen viste ei valdeleg side då hestekrangelen med ekssambuaren eskalerte. Det skulle vise seg å bli dyrt.

Mannen i 30-åra godtok ikkje førelegget etter at han tok kvelartak på ekssambuaren og la henne i bakken då ho kom for å hente to hestar ho meinte var hennar.

No må mannen betale 10.000 kroner i bot, over 8.000 kroner i erstatning til kvinna og 4.00 kroner i sakskostnader.

Sinne og frustrasjon

Det var i januar i år at kvinna dukka opp på garden for å hente hestane. Den første hesten gjekk greitt å hente, men då ho kom attende for å hente to andre hestar vart det svært oppheita stemning i stallen.

Det var fleire vitne til hendinga, og desse forklara seg noko ulikt.

Men retten fann bevisst at begge partar var ganske så sinte og frustrerte. På eit tidspunkt slo kvinna ekssambuaren i skuldra med ein grime.

Krangla med faren

Då kvinna skulle ta grime på eine hesten, blanda også far til mannen seg inn.

Dei stod og drog i kvar sin ende av grimen, og for å få slutt på dette tok sunnfjordingen i 30-åra kvelartak på kvinna og la henne i bakken.

Han skal også ha sett kneet på brystkassen til kvinna, noko han ikkje kunne sjå vekk i frå ettersom han ikkje hugsa kvar han hadde knea sine.

Ingen naudverje

Mannen, som er tidlegare ustraffa, nekta straffskuld då saka var oppe i Fjordane tingrett nyleg, men retten meinte mannen handla med vitande og vilje.

Retten fann ikkje grunnlag for at handlinga kunne vere ein provokasjon eller naudverje og dømde mannen i tråd med påstanden frå påtalemakta.