Hopp til innhold

Laget vann, trenaren sprang 20 km

Jarle Christensen er trenar for fotballaget til Vik. I kampprogrammet til seriekampen mot Årdal laurdag lova han å springe til jobb måndag dersom laget vann.

Vik-trenar Jarle Christensen måtte springe frå Vik til Feios

STOLEN STOD KLAR: På Feios skule hadde dei sett ut ein god stol då Jarle Christensen kom inn på skuleplassen etter 20 kilometer.

Foto: Privat

Om dette var ein ekstra motivasjon for spelarane er ikkje godt å seie, men iallfall vann Vik 2-1 over Årdal FK. Og det er ikkje nokon sprintdistanse Christensen lova å springe.

Frå bustaden i Vik til Feios skule, der han er rektor, er det om lag 20 kilometer. Men han meiner ein siger laurdag var verd slitet.

– Best i Sogn bak Sogndal

– Lokaloppgjer mot Årdal er alltid spesielle, og i år var det ekstra spesielt, for dersom vi vann så ville vi passere Årdal på tabellen og vere beste laget i Sogn, om vi ser bort frå Sogndal.

Jarle Christensen måtte springe frå Vik til Feios etter at laget hans slo Årdal

I MÅL PÅ REIN VILJE: Rektoren vart møtt med flagg og saft.

Foto: Privat

Klokka 6.15 i dag tidleg forlet han heimen. Han var framme om lag 8.20, det vil seie at han brukte vel to timar. Og målgangen på skuleplassen i Feios gjekk ikkje upåakta hen:

– Då eg kom litt før klokka ringde inn til første timen stod lærarane og elevane med flagg, flagget var heist på flaggstanga, dei hadde sett fram ein stol til meg, og eg fekk saft, og det var stor jubel. Det var ekstra stas, det.

– På rein vilje

– Er du ein godt trent kar, slik at desse 20 kilometrane ikkje var den store utfordringa?

– Eg er nok ikkje så godt trent som eg ein gong var. Det gjekk greitt til Vangsnes, men frå Vangsnes til Feios gjekk det på rein vilje, og eg måtte gå litt. Eg har hatt litt problem med å gå trapper i dag, men det er absolutt verd det.

Jarle Christensen skal trene laget klokka 18 måndag, og ser ikkje føre seg at han skal ta altfor mykje del i den fysiske delen av treninga sjølv.

– Det er best å sitte akkurat no, så eg trur ikkje eg skal vere så aktiv på treninga i dag.

Han meiner innsatsen han la ned på joggeturen frå Vik til Feios er symptomatisk for det fotballaget i Vik står for:

– Det gjekk på viljen laus, eg skulle ikkje gje meg, og slik er laget og, dei gir seg aldri før sluttsignalet går. Då kan ikkje eg vere dårlegare.

Vik og Myrkaskog

VEL VERD 20 KILOMETER: Spelarane på Vik (innringa storskåraren Øystein Myrkaskog) har jubla for mange mål i år.

Foto: Terje Målsnes / NRK

Trenaren for det nest beste laget i Sogn akkurat no er full av lovord om prestasjonane til det svært unge laget sitt.

– Det har litt med kulturen i fotballaget i Vik, vi er vande med å stille opp for kvarandre. No har vi ein ung, fin gjeng som gir 100 prosent på alle treningane, og det viser att i kampane.

Suksess med offensiv fotball

Dei fleste kampane til Vik i år har vore målrike oppgjer. Laget skårar mykje, dei slepp inn ein del og, men det har som oftast enda med tre poeng, og Christensen er glad for at fotballfilosofien hans ber frukter.

– Vi prøver å spele offensiv fotball, fotball som er utviklande for spelarane. Det trur eg dei set pris på. Vi skårar mange mål og oppnår gode resultat. Eg sa før sesongen at eit så ungt lag vil bli betre utover sesongen, og det meiner eg vi har greidd.

Jarle Christensen markerte den lange løpeturen

VART HYLLA: Jarle Christensen fekk saft og vart hylla med norske flagg.

Foto: Privat

– Vi må tore å feire oss sjølve

Og tabellen fortel av Christensen har rett i det. I haust har Vik berre tapt ein kamp, borte mot Førde.

– Då er det moro både for meg som trenar og for spelarane. Det er stor interesse i bygda, og det er kjekt å få vellæte for det vi gjer.

Og nettopp difor syntest han det var på sin plass å hylle laget sitt ved å springe dei 20 kilometrane til Feios.

– Eg tykkjer det er på sin plass å markere at vi har suksess, vi må tore å feire oss sjølve når det går bra, og no går det veldig bra. Dette var min måte å markere at eg er nøgd med laget mitt, og fellesnemnaren er at eg måtte bruke viljen for å fullføre. Vi har ein enorm vilje i Vik.