Hopp til innhold

Vil ha 60-sone i Røneidtunnelen

Noko må gjerast for å hindre ulukker i Røneidtunnelen på fylkesveg 55 i Luster. Kravet kjem frå Ap-politikar i kommunen, Finn Roald Skare.

Trafikkulykke i Røneidtunnelen ved Marifjøra

KREV AT NOKO BLIR GJORT: Ap-politikar Finn Roald Skare føreslår 60-sone i tunnelen mellom Gaupne og Marifjøra. (Biletet er teke i mai i år då ein personbil og ein lastebil kolliderte inne i tunnelen).

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Skare seier til Sogn Avis at Røneidtunnelen på vegen mellom Gaupne og Marifjøra er den verste tunnelen i regionen og krev at noko no blir gjort.

Politikaren har bakgrunn som yrkessjåfør og uttrykker stor frustrasjon over tunnelen. Han viser til at den er låg og svingete, og med ei frihøgd på fire meter undrar han seg på kor mange vogntog som køyrer her ulovleg kvar einaste dag.

Ap-mannen seier til Sogn Avis at han gjerne vil vise fram tunnelen for samferdsleutvalet for å få det til å forstå alvoret. Sjølv er han klar på kva han meiner ville ha gjort tunnelen tryggare.

– 60-sone og å få måla veggane kvite er ei løysing, seier Skare til Sogn Avis.

Magna Vangsnes i Statens vegvesen seier dei ikkje har umiddelbare planar om utbetring av tunnelen.

Til Sogn Avis seier seksjonsleiaren at Vegvesenet er klar over problema knytt til tunnelen og seier at dei har den i bakhovudet når det blir laga ei utgreiing om fylkesveg 55. Denne er venta å vere ferdig til jul.