Hopp til innhold

Svært mange pasientar blir skadde under behandling på sjukehus

Kvar einaste dag blir i snitt 69 pasientar skadde på dei ulike sjukehusa i Helse Vest.

Illustrasjonsfoto

SKADDE PÅ SJUKEHUS: Kvar dag er det 69 pasientar som opplever at dei blir skadde under behandling på sjukehus i Helse Vest. Helseføretaket lovar at dei skal gjere det dei kan for å få ned talet.

Foto: Scanpix

Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, likar svært dårleg det som kjem fram av helseføretaket si eiga journalgransking.

Talet på pasientar som blir skadde under behandling på sjukehusa er nemleg alt for høgt, meiner direktøren.

For kvar dag som går er det altså i snitt 69 pasientar som får ulike typar for skader under behandlinga. Det betyr at 14 prosent av alle vaksne pasientar som er på sjukehusa blir råka.

– Vi kan ikkje leve med at vi ikkje får endra denne situasjonen, seier Nilssen som lovar at tala blir teke på alvor.

Uroa etter eiga gransking

Det kan vere langt farlegare å vere til behandling på sjukehus enn det mange før har trudd. Ei gransking Helse Vest nyleg har gjort av seg sjølv ved sju sjukehus i regionen viser at svært mange blir påført skader av helsepersonell.

Undersøkinga er gjort over ein periode på 10 månader og viser altså at 69 pasientar ved somatiske sjukehus blir skadde, kvar einaste dag.

– Dette kan vere alt får infeksjonar til feilmedisinering, til faktiske feil som blir gjort i den enkelte situasjon, forklarar Nilssen.

Glad helseføretaket vil ta tak

Helse Vest dekker eit område frå Rogaland i sør til Sogn og Fjordane i nord, og er landets nest største helseføretak. Pasientombod i Sogn og Fjordane Ove Mjåtveit blir uroa over dei høge tala.

– Dette er alvorleg tal. Det er tankjevekkande og vondt for dei som blir råka, seier Mjåtveit til NRK.no.

Samtidig meiner han at det er svært viktig at tale endeleg kjem på bordet.

– Det har alltid vore slik at det har vore stor risiko. Det har vore ein dårleg kultur for å drøfte det skikkeleg og jobbe systematisk for å ned talet på feil, men det skjer no, seier pasientombodet.

I 2010 betalte Norsk Pasientskadeerstatning ut over 818 millionar kroner til personar som vart påført skade innan helsevesenet. Dette er ein auke på 300 millionar kroner i høve til 2009.

Vil ha heilt vekk dei alvorlege skadane

Herlof Nilssen

ALVOR: Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, seier dei tek tala som kjem fram i granskinga på høgste alvor.

Foto: Helse Vest

Ifølgje Helse Vest er det ein prosent av pasientane i helseføretaket som får så alvorlege skader i løpet av behandlinga på sjukehusa at dei blir varig sjuke eller døyr.

No er målsetninga å halvere dei mindre alvorlege hendingane, og få heilt vekk dei alvorlege skadane.

– Halvparten av desse skadane bør vi unngå med å bli betre på systematikk, på struktur, sjekklister og på å organisere tenesta slik at vi får ytterlegare kvalitet, seier Herlof Nilssen til NRK.no.