Hopp til innhold

Kom uskadd frå utforkøyring

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein ung mann kom frå det med skrekken då han køyrde av vegen seint søndag kveld.

Politiet fekk i 23.30-tida søndag kveld melding om at det hadde vore ei utforkøyring på fylkesveg 618 ved Flatraket i Selje.

Ein ung mann hadde køyrt utfor vegen med personbilen sin, men kom sjølv ikkje til skade.

Bilen skal ha fått ein del skade, og vil bli flytta i løpet av måndagen, opplyser politiet.