Hopp til innhold

Kristi gjorde nesten reint bord

Det er nesten ikkje plass til alle medaljane rundt halsen på 14-åringen når ho kjem heim. Kristi Strømmen Kjerpeset kjem nemleg heim med fire gull, ein sølv og ein bronse etter stemnet i helga.

Kristi Strømmen Kjerpeset

SEKS MEDALJAR: Kristi Strømmen Kjerpeset fekk med seg medalje i alle seks øvingane ho deltok i under NCC-leikane på Osterøy.

Foto: Narve Heggheim

– Det har gått veldig bra, gliser Florø-jenta etter at ho har sprunge inn til sitt fjerde gull for helga.

Alt har klaffa for friidrettsutøvaren for kystbyen på NCC-leikane på Osterøy. NCC-leikane er eit av dei største friidrettsstemna for 13 og 14-åringar i Norge, og 14-åringen frå Florø kjem heim med medalje i alle dei seks øvingane ho deltok i.

– Det vart gull i 60 meter hekk, 200 meter hekk, 60 meter og lengde. På 200 meter tok eg sølv og på stafetten tok laget frå Sogn og Fjordane bronse, seier Strømmen Kjerpeset.

Det ho er mest glad for er gullmedaljen på 60 meter hekk. Her sette ho ein historisk norsk rekord. Som første norske utøvar i J14-klassen sprang ho i mål under den magiske nisekundsgrensa.

– Endeleg fungerer kroppen

Kristi Strømmen Kjerpeset

FIRE GULL: Kristi Strømmen Kjerpeset reiser heim frå Osterøy med fire gull, sølv og bronse.

Foto: Rune Helle

Det har vore ei hektisk helg for den unge friidrettsutøvaren frå Florø. Seks øvingar på berre to dagar betyr at kroppen skal levere frå morgon til kveld, men det er tydelegvis ikkje noko problem for 14-åringen.

– Det er veldig gøy å få det til på NCC-leikane, fordi du er der med eit lag og alle støttar kvarandre, seier Strømmen Kjerpeset til NRK.no.

Det er ikkje sjølvsagt at ho skulle gjere det så godt i helga. Sesongen har nemleg vore prega av skader. Ho fortel at har ei skeivstilling frå ankelen og opp til nakken på høgresida, og at dette truleg skuldast ei feilbelastning som har gått over i ei overbelastning.

– Eg har ikkje kjent at kroppen har fungert sidan i fjor, så det er godt å føle det no på oppvarminga at beina fungerer.

– Det er ei god kjensle og det er veldig motiverande, seier 14-åringen.

– Trenar berre kvalitet

I det siste har forma likevel blitt betre. Sjølv trur ho at det er fordi ho har valt å trene litt annleis.

– Det er så enkelt som at eg har teke fri og trenar berre kvalitet, ikkje unødvendig kondisjon. Slappe mest mogleg av, forklarar ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristi Strømmen Kjerpeset

NY REKORD: 14 år gamle Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø sette laurdag ny norsk rekord på 60 meter hekk med tida 8,97. Tida på tavla vart korrigert og er dermed ikkje identisk med rekordtida.

Foto: Narve Heggheim

Satsar mot NM neste år

Enno er ho ikkje gamal nok til å vere med i seniormeisterskap, men til neste år håpar Florø-jenta at ho skal vere godt nok til å konkurrere mot dei som er litt eldre.

– Eg håpar at eg får framgang til neste år og får vere med på meisterskap som til dømes NM, seier ho og gler seg stort over dei gode resultata denne helga.