Hopp til innhold

Sjå video frå opninga av storstova

Over 1000 personar møtte opp for å få med seg opninga av det nye bygget til Sogn og Fjordane kunsmuseum i Førde laurdag. Fekk ikkje du med deg opninga kan du få ein smakebit her.

Opninga av den nye storstova for kunst i Sogn og Fjordane trekte over 1000 personar laurdag ettermiddag. Så mange var det som hadde møtt opp at museumsdirektøren vart rørt.

– Dette rører ein museumsdirektør, å sjå så mange menneske kome på opninga. Det var fantastisk hyggjeleg, seier Morten Johan Svendsen til NRK.no etter opninga.

Han har venta på det nye bygget i ti år, og gler seg stort over at det no endeleg står klart. Bygget har teke litt over eit år å byggje og kostar 93 millionar kroner.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.