Hopp til innhold

Florøjente med historisk rekord

Kristi Strømmen Kjerpeset (14) frå Florø sette laurdag ein historisk norsk rekord. Som første utøvar i J14-klassen sprang ho i mål på under ni sekund på 60 meter hekk.

Kristi Strømmen Kjerpeset

NY REKORD: 14 år gamle Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø sette laurdag ny norsk rekord på 60 meter hekk med tida 8,97. Tida på tavla vart korrigert og er dermed ikkje identisk med rekordtida.

Foto: Narve Heggheim

– Det var veldig gøy å få det til i går, seier Florø-jenta til NRK.no søndag morgon.

Etter ein tøff konkurransedag på laurdagen slappar ho no av framfor to nye konkurransar. Uansett korleis det går i dag kan Kristi Strømmen Kjerpeset sjå tilbake på eit meisterskap ho seint kjem til å gløyme.

Slo 24 år gamal rekord

Under 60 meter hekk på NCC-leikane på Osterøy i går skreiv ho seg nemleg inn i historiebøkene, og det med ein historisk norsk rekord.

Som første utøvar i klassen J14 i Norge klarte ho å springe i mål på under ni sekund, nærare bestemt 8,97. Den gamle rekorden var sett så langt tilbake som i 1988, av Trine Larsen frå Runar med tida 9,03.

Sjølv følte Kristi (14) at ting klaffa under konkurransen i går.

– Eg har ikkje fått det særleg bra til tidlegare i år, men i går synst eg at eg kjente meg lett i beina og alt var veldig bra, fortel Strømmen Kjerpeset til NRK.no.

I juni sprang friidrettsutøvaren frå Florø inn til tida 8,91 på same distanse under Veidekkeleikane på Lillehammer. Men sidan det då var medvind på 2,3 var dette ikkje teljande som ny norsk rekord.

Sesong prega av skade

At det no endeleg klaffa er 14-åringen svært glad for. Ho har nemleg hatt ein ganske så trøblete sesong med mykje skader.

– Eg har vore ein del skada i vinter, så eg har ikkje fått trene slik som eg skulle ha gjort, seier Strømmen Kjerpeset.

Ho fortel at ho har ei skeivstilling frå ankelen og opp til nakken på høgresida, og at dette truleg skuldast ei feilbelastning som har gått over i ei overbelastning. No håpar ho at behandling og opptrening skal gjere til at ho til vinteren får trene betre.

– Eg håpar eg skal klare å bli meir stabil i kroppen slik at eg får trene skikkeleg til vinteren, seier Strømmen Kjerpeset.

Søndag skal 14-åringen i elden på 60 meter og 200 meter hekk.

– Eg håpar jo sjølvsagt på fleire medaljar, seier ho.

Henta heim seks gull

I tillegg til Kristi Strømmen Kjerpeset var det også fleire andre utøvarar frå fylket som gjorde det godt under NCC-leikane på Osterøy i går.

Til saman henta Sogn og Fjordane heim seks gull, seks sølv og 8 bronsemedaljar på den første dagen av arrangementet. NCC-leikane blir arrangert tre stader i landet og er for utøvarar på 13 og 14 år.

I kretskampen er stillinga etter dag ein som følgjer:

  • Hordaland 143 poeng
  • Agder 125 poeng
  • Rogaland 118 poeng
  • Sogn og Fjordane 114 poeng