Hopp til innhold

33 førarar reiste vidare med bot

Laurdag ettermiddag har ei rekkje bilførar i Nordfjord måtte reise vidare med bot etter at UP har hatt kontrollar i området.

Då Utrykningspolitiet stilte seg opp på riksveg 15 langs Hornindalsvatnet var det fleire som susa forbi kontrollen i 80-sona i for høg fart. Det var til saman 13 førarar som fekk forenkla førelegg, høgste målte fart her var 103 km/t.

Under kontrollen i ei 60-sone på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt var det sju førarar som måtte reise vidare med bot. Her var høgste målte fart 77 km/t i 60-sona.

I løpet av ettermiddag har politiet også hatt beltekontroll i Eid og Stryn. I Eid var det to bilførar som mangla belte og måtte betale for seg, medan det i Stryn var ni bilførarar som fekk gebyr.

I tillegg fekk to bilførar i Stryn forenkla førelegg fordi dei snakka i mobiltelefonen utan å bruke handsfree. Ein bil vart også avskilta på grunn av tekniske manglar.