Generalsekretær Lars Arne Ryssdal reagerar på uttaler som Nødseth har kome med denne veka.
– Jacob Nødseth må erklære at han har tillit til sin gruppeleiar, sin lokalslagsleiar og sin fylkesleiar, elles må han forlate partiet, seier Ryssdal til avisa Firda.
Ryssdal opplyser til Firda at han ikkje sjølv har prata med Nødseth om saka, då det ikkje har lukkast han å få tak i Flora-politikaren.
Turbulent år
Nødseth har vore innblanda i ulike konflikter i år. I vår var han innblanda i ei personkonflikt med noverande leiar i Unge Høgre, Embla Belsvik.
Nødseth skal ha sendt sjikanerande tekstmeldingar til partifellen Embla Belsvik.
I etterkant av konflikta gjekk Ryssdal ut og sa at han mislikte måten Jacob Nødseth behandla den kvinnelege partikollegaen i Flora.
- LES OGSÅ: Vil ha Nødseth på topp
Ny runde
No er Ryssdal igjen ute med peikefingeren overfor Nødseth.
Måndag fekk Nødseth sparken som politisk rådgjevar for ordføraren i Flora.
Seinare i veka kom 24-åringen, som er vara til Stortinget, med kritikk av lokallagsleiaren i Høgre og andre politikarar under ein pressekonferanse.
Det er særleg denne kritikken Ryssdal reagerar på. I tillegg meiner han Nødseth har kome med uttaler som kan tolkast som korrupsjonstilstandar i partiet.
Dette avviser Nødseth overfor avisa.
– Eg har ikkje på noko tidspunkt hevda at det har vore snakk om korrupsjon i Flora Høgre, seier Nødseth.
Nødseth han skal i møte med Høgreleiinga måndag, ut over det vil ikkje han kommentere saka.