Hopp til innhold

100.000 tannlegetimar går rett i vasken - kostar samfunnet 100 millionar årleg

Kvart år droppar folk å gå til om lag 100.000 avtalte tannlegetimar. Det kostar samfunnet minst 100 millionar kroner årleg.

Den offentlege tannhelsetenesta tapar store pengar på at mange born og unge møter ikkje opp til tannlegetimen,
Så mange som 50 tannlege-årsverk går på landsbasis med til ingenting.

Dårleg oppmøte hjå tannlegen

Trenden er at fleire og fleire timar går til spille fordi at folk ikkje møter opp til tannlegetimane sine ved dei offentlege tannklinikkane i Noreg.

Det gjeld både barn, eldre og andre pasientgrupper som har krav på gratis eller rimeleg offentleg tannbehandling.

Svært dyrt for samfunnet

– At ein tannlege må sitje og kanskje ikkje ha noko å gjere på i den tida er ikkje noko bra. Eg tek ikkje for hardt i når eg seier at dette kostar samfunnet minst 100 millionar kroner årleg, seier fylkestannlege i Sogn og Fjordane, Bent Rønnekleiv, til NRK.

Han peikar på at det er blitt eit alvorleg samfunnsøkonomisk problem at stadig fleire droppar timane sine.

Bent Rønnekleiv

UROA: Fylkestannlege Bernt Rønnekleiv forventar at folk blir flinkare til å gje beskjed.

Foto: Johan Moen / NRK

– Om ein skal rekne kroner og øre på det så har vi i Sogn og Fjordane ein timestakst på 1540 kroner per time. Om ein då gangar dette opp med 3200 timar, så ser ein sjølv at dette blir ganske store beløp om vi hadde greidd å fylle dei timane med betalande pasientar, sler fylkestannlegen fast.

Mange årsverk

Trenden er den same i heile landet, rundt ein av ti timar går med til ingenting. Det utgjer opp mot 60 årsverk i ein bransje som gjerne skulle hatt ei endå større rekruttering.

– Det dreier seg fort om ein 50-60 årsverk på landsbasis som forsvinner i «ikkje møtt». I 2011 hadde vi over 4000 timar der pasientar ikkje har møtt og der det ikkje er gitt beskjed.

Fylkestannlegen er ikkje åleine om å vere frustrert over dette. Over heile landet vert det meldt om ein aukande tendens til at folk i alle aldrar lar vere å møte til avtalte tannlegetimar i den offentlege tannhelsetenesta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tannlege

KOSTAR DYRT: Kvart år blir om lag 100.000 tannlegetimar droppa her i landet. Det kostar samfunnet millionar.

Foto: Johan Moen / NRK

– Gje ein beskjed

– Sjølvsagt kan det vere mange grunnar til at pasientar ikkje møter. Dersom nokon er redde så må dei ta opp dette med tannlegen sin eller tannlegekontoret. Det finst metodar for å hjelpe mot det. Stort sett dreier dette her seg om i alle fall å gje ein liten beskjed, seier Rønnekleiv.

Han tykkjer det er dumt at folk ikkje gir beskjed om at dei anten ikkje kan - eller for den del ikkje tør å gå til tannlegetimen sin.

– Om ein gir ein lyd i forkant så kan nokon andre få den timen sånn at vi slipper å ha tannlegekontora ståande utan pasientar når vi faktisk har bemanning til å kunne hjelpe, konkluderer fylkestannlegen.