Hopp til innhold

Jacob Nødseth tok kraftig oppgjer med fleire i partiet

Høgrepolitikar Jacob Nødseth tok eit kraftig oppgjer med fleire partikollegaer på ein pressekonferanse i Florø i dag.

Jacob Nødseth held pressekonferanse

PRESSEKONFERANSE: Jacob Nødseth tok kraftig sjølvkritikk på pressekonferansen i dag, men tok også eit oppgjer med partikollegaer.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

– Eg meiner at fleire i partiet ikkje har følgt spelereglane, seier han.

Det har i lengre tid storma kraftig rundt den 24 år gamle Høgre-politikaren Jacob Nødseth frå Florø. Måndag blei det kjent at Nødseth fekk sparken som politisk rådgjevar for Høgre-ordførar Bengt Solheim Olsen.

Tok sjølvkritikk overfor Belsvik

I mars blei han skulda for å ha sendt trugande og sjikanerande meldingar til leiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik.

Nødseth sa på pressekonferansen at han tek sjølvkritikk på måten han har handtert saka med Embla Belsvik på.

– Eg tek absolutt sjølvkritikk når det gjeld relasjonen mellom meg og Embla Belsvik. Eg beklagar dersom eg har gjort hennar kvardag vanskeleg. Eg innrømmer at eg har sagt og gjort dumme ting, både i den private og poltiske relasjon. Eg beklaga dette før og gjer det igjen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pressekonferansen til Jacob Nødseth

FLEIRE FRÅ PRESSA: Fleire media hadde teke turen til pressekonferansen i Florø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Føler seg dolka i ryggen

Under pressekonferansen kom det fram at han var kritisk til fleire personar i Høgre og at han nærast føler seg dolka i ryggen. Han meiner at enkelte personar har gått ut med kritikk i media, utan at han sjølv har fått forklart sin versjon til dei.

– Det tykkjer eg er kritikkverdig, seier han.

Ein av dei Nødseth har mista tillit til, er gruppeleiar for Flora Høgre, Bjørn Hollevik.

– Hollevik og eg har vore nære og støtta kvarandre i mange år. Eg føler at han no motarbeider meg.

Hollevik: – Ingen lagspelar

Bjørn Hollevik seier til NRK.no at Jacob Nødseth er eit stort politisk talent, men at han ikkje er nokon lagspelar.

– Det beviser han ved å halde ein solopressekonferanse, seier han.

Gruppeleiaren seier han har fungert som mentor for Nødseth og støtta han i mange år.

– Utover dette vil eg ikkje uttale meg. Eg vil ikkje seinke meg ned på same nivået som Nødseth, seier Hollevik.

Nødseth i tenkeboksen

Tidlegare onsdag kom det fram at fleire partifeller i Høgre meiner at Nødseth er utsett for ein svertekampanje med mål om å få 24-åringen ut av politikken.

Sjølv seier Nødseth at han no er i tenkjeboksen når det gjeld si eiga politiske karriere.

– Eg må vurdere kva eg skal gjere, og har ikkje teke endeleg stilling.

– Det er fleire saker eg burde ha handtert på ein betre måte. Eg beklagar at eg ikkje har lykkast med dette, seier han.

Ikkje lenger ønskt som rådgjevar

24 år gamle Jacob Nødset er ein av dei mest sentrale lokalpolitikarane i Sogn og Fjordane. Han er 1. vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane og har fleire gonger møtt på tinget. Han er med i Flora bystyre og leiar i hovudutvalet for helse- og sosialsaker. Nødseth er også medlem av formannskapet i Flora

Etter valet i fjor, blei han tilsett i ei 35 prosent stilling som politisk rådgjevar for ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora.

Måndag blei det altså kjent at han har fått sparken frå jobben som rådgjevar. Ordføraren ønskte han ikkje lenger som personleg rådgjevar.