Hopp til innhold

Navarsete og Følling har fått mest støtte i Sp-nominasjon

Liv Signe Navarsete og Jenny Følling er dei to som har fått flest forslag i første runde av nominasjonsprosessen i Senterpartiet.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

FÅR STØTTE: 17 Sp-lag har føreslege Jenny Følling som Gaular til stortingsvallista.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Liv Signe Navarsete

PÅ TOPP: Liv Signe Navarsete er den mest populære etter første nominasjonsrunde.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Det er 22 lokallag, Senterungdommen og Senterkvinnene som har sagt sitt. Tysdag kveld var nominasjonemnda i Sp samla og dei såg på forslaga som har kome til stortingsvallista neste år.

– Liv Signe er rimeleg sikker på topp, og Jenny Følling er ein sterk andrekandidat med 17 forslag. Men nemnda har ikkje gjort vurderingar i forhold til det, seier leiar i nominasjonsnemnda Jan Herstad.

Desse har fått flest forslag:

  • Liv Signe Navarsete, Lærdal – 22
  • Jenny Følling, Gaular – 17
  • Aleksander Øren Heen, Årdal – 11
  • Steinar Ness, Gaular – 11
  • Anita Nybø, Bremanger – 10
  • Erlend Haugen Herstad, Naustdal – 10
  • Knut M. Olsen, Jølster – 10

Det slo ned som ei bombe i Senterpartimiljøet i juni då Erling Sande sa nei til attval for å få meir tid til familien. Sande har møtt som varamedlem for Senterpartiet på Stortinget sidan 2005, og har møtt fast etter at Navarsete gjekk inn i Stoltenberg 2-regjeringa.

Trur på spennande prosess

Jan Herstad

OPTIMISTISK: Leiar i nemnda, Jan Herstad, er sikker på at dei kjem fram til ei god lista.

Foto: NRK / NRK

Herstad seier det er ein open situasjon etter at Sande trekte seg.

– Førsteplassen er rimeleg sikker, men i forhold til resten av plassane er det ganske ope. Dette blir ein spennande prosess, men har mange namn å spele på. Vi har tru på at vi kan få til ei liste som dekkjer Sogn og Fjordane godt.

– Var det nokre overraskingar på lista som de la fram i dag?

– Nei, det var det ikkje, seier han.

Skal prioritere namna

No blir det ein ny runde der lokallaga skal komme med ei lista på 10 prioriterte namn innan 1. november. Etter dette møtast nemnda og det blir sett opp ei endeleg liste.

Nemnda sin jobb er å leggje til rette for ein prosess der vi får forslag på aktuelle kandidatar og får inn synspunkt. Vi må vurdere heilskapen i lista, med vekt på god geografisk spreiing og folk som kan gjere ein god jobb for partiet, seier han.