Hopp til innhold

Stengjer Filefjell i helga

E16 over Filefjell blir ikkje opna for trafikk i helga. Ei større utgliding har ført til at vegen ikkje er køyrbar.

Sperring over Filefjell.

STENGD I HELGA: Vegen over Filefjell blir ikkje opna denne helga.

Foto: Statens vegvesen

Fjellet skal vere stengd i åtte veker på grunn av utfordrande sprengingsarbeid ved Smedalsosen i Lærdal.

Vegen skal vere stengd til 12. oktober, men har vore open for fri ferdsel i helgane frå klokka 14 fredagar til 07 måndag morgon.

Slik blir det ikkje denne helga. Vaktoperatør Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal, seier at det ikkje er mogleg å opne vegen.

– Det har vore ei større utgliding slik at den ikkje blir køyrbar til helga. Folk må bruke dei omkøyringsvegane dei brukar på vekedagane, seier han.