Hopp til innhold

Avsluttar rettssaka i Sogn torsdag

Rettssaka mot rektoren i Sogn som er tiltalt for å ha lasta ned 350 overgrepsbilete og to filmar, blir avslutta torsdag.

Louis Anda og Knut Broberg

NEKTA SKULD: Klienten til advokat Louis Anda (t.v.) nekta skuld då saka mot ein rektor starta opp i Sogn tingrett måndag. Til høgre aktor Knut Broberg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Advokaten til mannen, Louis Anda, seier at prosedyrane blir haldne torsdag. Eigentleg var det sett av fem dagar til saka, men no blir den altså avslutta ein dag før.

– Det blei sett opp fem dagar slik at vi skulle vere sikre på at vi hadde nok tid til saka. Men no blir det prosedyrar på torsdag, seier han.

Nekta all straffskuld

Rektoren nekta all straffskuld då saka kom opp for Sogn tingrett måndag. Han hevda at det var eks-kona og vener av ho som måtte ha vore inne på nettsidene med overgrepsbilete av born for å sverte han i samband med eit brutalt samlivsbrot.

Det er forbode både å laste ned slike bilete og å sjå på bileta på internett. Strafferamma er på tre år i fengsel.

Tiltalte vil forklare seg meir

I dag har det vore ulike vitne som har forklart seg i saka, mest frå forsvaret si side. Onsdag blir framlegginga av bevis avslutta.

– Det blir gjennomgang av ein del dokumentasjon og ein sakkunnig i politiet skal forklare seg. I tillegg har klienten min bede om å få ei tilleggsforklaring, seier Anda.

I retten måndag kom det fram at politiet meiner dei har funne spor etter overgrepsbilete mot born på fleire datamaskinar. Det kom også fram at bileta ikkje er lasta fysisk ned på maskinene, men at det er funne spor etter bilete som ligg på nettsider, såkalla informasjonskapslar.

Ekskona forklarte i retten måndag at ho fann bileta då ho skulle rydde på ei datamaskin.