Hopp til innhold

Giske ventar Hydro-satsing

Næringsminister Trond Giske har klare forventningar til at Hydro vil investere i Norge også i framtida.

Næringsminister Trond Giske (Ap)

VENTAR HYDRO-SATSING: Næringsminister Trond Giske.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Når finanskrisa er over ventar statsråden nye investeringar frå Hydro si side.

– Akkurat no merkar Hydro konsekvensane av den internasjonale finanskrisa i form av lågare etterspørsel og låge aluminiumprisar. Men når den marknaden endrar seg, og verda igjen kjem i vekst, forventar eg at Hydro som eit norsk selskap også har investeringsstrategiar i Norge, at dei moderniserer fabrikkar og inngår kraftkontraktar.

Giske reknar med at Hydro syter for at dei er ei norsk verksemd, ikkje berre i form av eit hovudkontor, men også i form av investeringar og arbeidsplassar.

Også stortingsrepresentant Ingrid Heggø har tidlegare sagt at ho reknar med at Hydro investerer i Årdal når tidene betrar seg.

Årdal Metallverk 2009-2

KLAR TIL BRUK: Å3-tomta til Årdal Metallverk ligg asfaltert og klar dersom Hydro skulle finne på å bygge ut metallverket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK