Hopp til innhold

Fotballagent Solbakken krev offentleg orsaking på uttalar i media

Jim Solbakken, krev offentleg orsaking frå Sogndal Fotball for måten midtstoppar Gustav Valsvik (19) er blitt behandla på.

Jim Solbakken og Egil B. Mundal (t.h.) på Fosshaugane

KREV ORSAKING: Fotballagent Jim Solbakken (i midten) er lite nøgd med måten Egil B. Mundal (t.h.) og Sogndal behandlar Gustav Valsvik på. Biletet er henta frå ein tidlegare kamp på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dagleg leiar Egil B. Mundal tok i førre veke eit kraftig oppgjer med gratisflukta av unge spelarar.

Dette meiner Gustav Valsvik og agenten hans Jim Solbakken var mynta direkte mot den unge midtstopparen frå Vik.

– Det er dårleg personalbehandling, og hadde dette skjedd i næringslivet hadde det vorte arbeidsrettssak herfrå til månen, rasar Solbakken overfor Sogn Avis.

Vil ha lenger kontrakt

Valsvik sin kontrakt med Sogndal går ut etter sesongen, og seinast for ei vekes tid sidan takka 19-åringen nei til eit tilbod frå klubben. Sjølv hevdar midtstopparen at det ikkje var av økonomiske årsaker, men mellom anna på grunn av lengda på kontrakten. Sogndal ynskjer lengre tidsperspektiv på kontrakten enn det Valsvik ynskjer.

Egil B. Mundal på Fosshaugane

GENERELT: Egil B. Mundal seier han uttalte seg på generelt grunnlag om ung spelarflukt frå norske klubbar.

Foto: Arve Uglum / NRK

I mellomtida kom utspelet frå Mundal om ei tøffare linje for å hindre gratisflukt av unge spelarar.

– Det er eit generelt problem som vi nektar å vere ein del av framover, sa han til Sogn Avis.

– Eit paradoks

Etter å ha starta dei to første kampane på benken, etablerte Valsvik seg meir eller mindre i startellevaren til Sogndal. Men både mot Molde og Strømsgodset vart han plassert på benken.

Mot serieleiaren frå Drammen fekk nykommaren Azar Karadas (31) tillit frå start i midtforsvaret. Solbakken meiner det skuldast kontraktssituasjonen.

Teoretisk sett kan også Karadas forsvinne etter sesongen då nordfjordingen er henta inn for resten av sesongen.

– Det er dessutan paradoksalt at Gustav vert bytt ut mot ein spelar som har like lang kontrakt, men som er på veg ut aldersmessig sett, seier han til avisa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gustav Valsvik

TUNGT: Gustav Valsvik (t.h.) kjenner seg uønskt i Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Retta mot meg

Valsvik vedgjekk overfor NRK.no i helga at det har vore ei tung tid. Spesielt etter uttalen til Mundal.

– Utspelet føler eg er retta mot meg. Det står under 20 åra, og det er berre eg som har vore under 20 år og bosmanspelar, sa 19-åringen og heldt fram:

– Inst inne er det litt tungt for meg. Eg er ung enno og føler det er litt dårleg gjort frå deira side å vere så krasse mot meg.

Vil kvitte seg

– Får det noko å seie for di framtid i Sogndal?

– Det kan det godt gjere. Eg har ikkje tenkt så mykje det på, men det verkar som om dei har gjort det, sa Valsvik og har ei kjensle av at Sogndal vil kvitte seg med han. Også trenar Jonas Olsson var budd på å miste vikjen før overgangsvindauget stengde.

– Eg rekna med at han skulle bli selt i dette overgangsvindauget, og spelte med Azar på alle treningane, sa han og la til at dette var avgjerande for at Karadas fekk plass i startellevaren føre Valsvik.

– Ein generell uttale

Solbakken seier til Sogn Avis at Mundal bør komme med ei offentleg orsaking i saka, men dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal, vil overfor avisa ikkje kommentere enkeltsaker og viser til at han gav uttale på ein trend han ser i fotball-Norge.

Mundal viser også til at det har vore fast politikk lenge i Sogndal at unge spelarar, som vert utvikla i klubben, skal yte attende til Sogndal og eventuelt andre moderklubbar om dei tek nye steg.

– Slik blir miljøa som tek del i utviklinga også tilgodesett, seier han til Sogn Avis.