Hopp til innhold

Makrellbåtar i kø i Kalvåg

Med dårleg ver ute på havet strøymer makrellbåtane inn til Kalvåg for å levere fangst. I dag har rundt 15 båtar meldt inn fangst.

Makrellfangst i Kalvåg

FULLT LASTEROM: Makrellbåtane kjem inn søkklasta.

Foto: Birger Meland / NRK

Dagleg leiar Per Røys i Norway Pelagic i Kalvåg trivst med å ha det travelt.

– Dette er vårt lofotfiske, det er kjekt å sjå det yrande livet det er når båtar frå Larvik i søraust til Finnmark i nordaust kjem inn, lasta til ripa med makrell.

Gjennom romslege slangar blir makrellen pumpa i land, 30 tonn i timen. Inne på anlegget blir han sortert etter storleik, så blir han rundfrosen og sendt rett ut på marknaden, mellom anna til Afrika og Tyrkia.

– Fram til no har det vore litt småvaksen makrell som har kome, men no får vi inn større makrell som sig sørover langs kysten.

(Artikkelen held fram under biletet).

Makrellbåt til kai i Kalvåg

PUMPAR OPP MAKRELLEN: Fangsten går gjennom dette røyret inn på anlegget.

Foto: Birger Meland / NRK

66 fiskarar på fårikålfest

Per Røys kommenterer ein båt som kjem inn, søkklasta med makrell.

– Det er berre i køya han ikkje har fisk.

Røys fortel at dei prøver å gjere det sosialt og triveleg for fiskarane.

– Vi har gjort det til ein tradisjon med ein årleg fårikålfest. I år hadde vi 66 fiskarar til bords. Då vanka det mange gode historier.

(Artikkelen held fram under biletet).

Per Røys (t.v.) og Eilif Hammersland

- TRAVELT, MEN KJEKT: Dagleg leiar Per Røys (t.v.) og produksjonsleiar Eilif Hammersland.

Foto: Birger Meland / NRK

Produksjonsleiar Eilif Hammersland fortel at det ikkje berre er norske båtar som er med på makrellfisket utanfor kysten.

– Vi har nokre danske båtar frå Hanstholm som kjem att kvart år.

(Artikkelen held fram under biletet).

Makrellbåtar i Kalvåg

BÅTANE STRØYMER TIL: Med dårleg vêr ute på feltet kjem båtane inn til Kalvåg.

Foto: Birger Meland / NRK

Dårleg vêr og tett med båtar

Med det vêret som er meldt i dag blir det fort tett med båtar på hamna i Kalvåg.

– Med dårleg vêr ute på havet kjem alle båtane inn for å levere. I dag er det 14-15 båtar som har meldt inn fangst, det er og nokre store båtar med 50-60 tonn makrell.

Dei tek det gjerne eit par timar å tømme, medan sjarkane blir tømde på ein halv time.