Hopp til innhold

Dei vann kvar sin klasse

Dei tre gokartførarane frå NMK Sunnfjord slo til og vann kvar sin klasse i årets siste norgescupløp i helga.

Cedrik Fonn Skåre, Tore Valvik og Håvard Hallerud sytte for storeslem for NMK Sunnfjord.

ALLE VANN: NMK Sunnfjord stilte med tre førarar, alle vann. Fråæ v. Cedrik Fonn Skåre, Tore Valvik og Håvard Hallerud.

Foto: Privat

Cedrik Fonn Skåre

DET VART SØLV: Cedrik Fonn Skåre tok sølv i norgescupen samanlagt.

Foto: privat

Cedrik Fonn Skåre fra Førde slo til då det galdt og vann den andre finalen i KF2-klassen i gokart. Han avanserte dermed også frå tredjeplass i samandraget og sikra seg sølv i norgescupen.

Også klubbkameratane Tore Valvik og Håvard Hallerud vann sine respektive klassar i gokart på Starmoen ved Elverum i helga. Hallerud vart nummer to samanlagt i klasse KF3, Valvik nummer tre i klasse KZ2.

Løpet var det det tredje og siste i norgescupen.