Hopp til innhold

Uaktuelt å betale folk for å flytte

– Det er uaktuelt å betale folk for å flytte frå kraftkrevjande industribygder, seier næringsminister Trond Giske.

Nærings- og handelsminister Trond Giske holdt pressekonferanse i forbindelse med oppstyret rundt sa

KONTANT NEI: Næringsminister Trond Giske har lite sans for utspelet frå NHH-professoren.

Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix

Lars Mathiesen, som er professor i samfunnsøkonomi på Norges Handelshøgskole kom i går med dødsdom over norske bygder som baserer seg på kraftkrevjande industri. Matisen meiner Staten bør betale folk for flytte frå desse bygdene.

Næringsminister Giske svarar ei kontant "nei".

– Vi skal prøve å skape arbeidsplassar der folk bur.

Professor Lars Mathiesen meiner Staten held industribygder som Årdal, Høyanger og Husnes kunstig i live. Statsråden avviser påstanden.

– Den fell på sin eigen urimelegheit. Dei ulike industribedriftene våre, også dei kraftkrevjande, jobbar etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Dei inngår langsiktige kraftkontraktar som er bra både for kraftprodusentane og dei kravtkrevjande industribedriftene.

(Artikkelen held fram under biletet).

Årdal Metallverk juli 2012

IKKJE LIV LAGA? Årdal Metallverk i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

(Artikkelen held fram under biletet).

– Ikkje liv laga

Det var på Vestlandsrevyen og Dagsrevyen i går at professoren i samfunnsøkonomi tok til orde for å betale innbyggjarar i kraftkrevjande industribygder for å flytte. Viss ikkje vil dei sitte att utan arbeid og med eit hus utan verdi. For kraftkrevjande industribygder er ikkje liv laga, meiner Mathiesen

– Eg synest samfunnet burde vere meir behjelpelege med å kjøpe huset deira, slik at dei har råd til å etablere seg, som t.d. her i Hordaland, ved kysten, der det er enorm etterspurnad frå oljesektoren.

(Artikkelen held fram under biletet).

Professor Lars Mathiesen, NHH

- BETAL DEI FOR FLYTTE: Professor Lars Mathiesen.

Foto: Alexander V. Larsen / NRK

– Kortsiktig løysing

Men næringsministeren er langt frå like pessimistisk på vegner av den kraftkrevjande industrien.

– Eg synest dette er ei veldig kortsiktig løysing, vi skal ha olje og gass i mange år, men vasskrafta vår skal vi ha evig, og det er framtidsretta å byggje industri på den slik vi har gjort i 100 år.

– Kompakt masse i byane

Heller ikkje tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane synest professoren frå NHH har klekt ut ein genial idè. Han seier Mathiesen kjem med gamalt nytt.

– For det første vil ein med dette legge ned nokre samfunn og skape ein tragedie. Det handlar om å tømme alle utkantane for folk og få dei saman i ein kompakt masse i Oslo, Stavanger og Bergen.

– Er det noko vi oppnår med det så er det iallfall å få bustadprisane der opp på eit nivå som gjer at det knapt er mogeleg for nye generasjonar å få seg hus.

Flæte synest det er spesielt at Mathiesen kjem med ein slik idè no når ein er bekymra for at bustadprisane aukar mykje i sentrale strok.

– I rein omsorg for hovudstaden og andre byar trur eg det kan vere nyttig at vi framleis kan få lov til å levere ekstportvarer og tene pengar for fedrelandet, og at vi får lov til å finansiere desse fantastiske finansfolka som byter pengar.

Oddvar Flæte

IKKJE IMPONERT: Tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte.

Foto: Rune Fossum/NRK