Hopp til innhold

Åtvarar mot pågåande dørseljarar

Politiet har i løpet av dagen fått inn fleire meldingar om dørseljarar i Sogn og Fjordane.

Dei viser fram ein lapp der det står at dei er døvstumme og prøver å selje gjenstandar dei har med seg.

Politiet seier at seljarane i hovudsak har oppsøkt eldre og i enkelte høve har dei gått rett inn der dørene ikkje var låste.

– Siste telefonen vi har fått er frå ein person i Stryn. Her blei seljaren vist vekk av andre i familien, seier operasjonsleiar Rolf Aamot.

Han seier at dei med jamne mellomrom får slike meldingar om sal av blomar og gjenstandar på dørene.

– Det er grunn til å minne folk om å ikkje sleppe dei inn. Vi oppmodar folk om å avvise desse seljarane, seier han.