Hopp til innhold

– Oppdaga overgrepsbilete då datamaskinen skulle ryddast

Ekskona til rektoren som er tiltalt for å ha lasta ned 350 overgrepsbilete og to filmar, forklarte i Sogn tingrett at ho fann bileta då ho skulle rydde på datamaskinen.

Louis Anda og Knut Broberg

NEKTA SKULD: Klienten til advokat Louis Anda (t.v.) nekta skuld då saka mot ein rektor starta opp i Sogn tingrett måndag. Til høgre aktor Knut Broberg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Ho fortalde at ho var lite datakyndig og fekk hjelp ei venninne då datamaskinen jobba seint.

– Vi skulle rydde på datamaskinen, då venninna mi fann ei mappe med namn som tyda på pornografisk innhald, fortalde ekskona i retten.

Ho fortel at ho blei skjelven og usikker på kva dette kunne vere. Difor ringde ho til ein slektning som har jobba i politiet.

– Etterpå ringde eg Kripos. Dei råda meg til å levere den datamaskinen på lensmannskontoret i kommunen.

– Skuffande og sjokkerande

Ho forklarte at dei ikkje såg nokre bilete på maskinen, men då dei klikka på lenker kom det opp bilete av lettkledde damer.

– Den første reaksjonen min var at eg levd saman med ein som hadde halde på med ting eg ikkje visste om. Ting som var skuffande og sjokkerande, fortalde ho i retten.

Rektoren på side, har forklart at dette var ei datamaskin fleire hadde tilgang til. Då rettssaka starta i dag, nekta han all straffskuld. Rektoren hevda det var eks-kona og vener av ho som måtte ha utført nedlastinga av overgrepsbilete av born for å sverte han i samband med eit brutalt samlivsbrot.

Fann spor på fem maskinar

I retten i dag kom det også fram at politiet meiner dei har funne spor etter overgrepsbilete mot born på fem datamaskinar. Mellom anna ei som dei meiner berre rektoren har hatt tilgang på.

Det kom også fram at bileta ikkje er lasta fysisk ned på maskinene, men at det er funne spor etter bilete som ligg på nettsider, såkalla informasjonskapslar.

Politiet har gjennomført ei omfattande etterforsking og saka har teke lang tid.

Dette var tiltalt veldig oppteken av og sa i retten at politiet har trenert saka. Han meiner dette er eit bevis på at saka ikkje held straffemessig.

Det er sett av fem dagar til saka som held fram i Sogn tingrett tysdag.