Hopp til innhold

Framleis kritisk for mann (63) etter eksplosjon i kraftstasjon i Aurland

Den 63 år gamle mannen som vart skadd i eksplosjonen i ein kraftstasjon i Aurland er framleis kritisk skadd. Mannen ligg no i kunstig koma.

Ved tunnellinngangen der ulukka skjedde

EKSPLOSJON: Ein 63-år gamal mann vart kritisk skadd i eksplosjonen i kraftstasjonen i Aurland i midten av august.

Foto: Arne Veum

Det får NRK opplyst av E-CO Energi. Mannen skulle sjekke ein feil på ein brytar inne i kraftstasjonen i Aurland då ulukka skjedde natt til laurdag 18. august.

Mannen var åleine då ulukka skjedde, men klarte å kome seg ut av området for å varsle om hendinga. Mannen vart send til Haukeland universitetssjukehus og ligg no i kunstig koma.

– Det er dette som uroar oss mest av alt, seier administrerande direktør i E-CO Energi, Tore Olaf Rimmereid.

Han seier hovudfokuset for selskapet sidan ulukka har vore oppfølging av den skadde og familien hans. Samtidig har selskapet også måtte gjere grep for å tryggje drifta ved kraftstasjonen. Før helga kunne dei starte opp at drifta i delar av stasjonen.

Rimmereid seier det vil ta tid før dei kan starte opp att heile drifta.

– Heile stasjonen vil ikkje vere klargjort før om ei stund, rett og slett fordi vi treng ein del nye delar til den delen av stasjonen der det er størst skader, seier han til NRK.no.

Politiet har saman med representantar frå Arbeidstilsynet og Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vore på staden og gjort sine undersøkingar. Parallelt med politiet si etterforskinga har også E-CO Energi starta ei intern gransking av ulukka.

– Det er politiet som må trekkje konklusjonane om kva som har skjedd, seier Rimmereid som ikkje kan seie noko om kor tid dei har klar sin rapport.