Hopp til innhold

Valsvik om kritikk: - Dårleg gjort

Sist veke gjekk Sogndal-leiaren hardt ut mot unge spelarar som ikkje ville forlengje kontrakten med klubben. Gustav Valsvik (19) føler kritikken var retta mot han.

Gustav Valsvik

TUNGT: Gustav Valsvik (19) seier dei har vore ei tøff veke for han. Sjølv føler han at kritikken frå leiiinga om unge spelarar som går gratis frå klubben var retta mot han.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Medan Azar Karadas debuterte på plassen Gustav Valsvik har hatt, sat 19-åringen sjølv skuffa på benken i kampen mot Strømsgodset søndag.

Vikjen har hatt ei svært tøff veke der han sjølv kjenner seg utsett for det han meiner er ein dårleg skjult refs frå dagleg leiar Egil Mundal.

Mundal varsla i Sogn Avis ei tøffare linje mot unge spelarar som vurderte å gå gratis frå klubben. Valsvik føler kritikken var retta mot han.

– Sjølvsagt, inst inne er det litt tungt for meg. Eg er ung enno og føler det er litt dårleg gjort frå deira side å vere så krasse mot meg, seier Valsvik til NRK.no etter kampen.

Vil krevje pliktår av unge spelarar

Egil Mundal

PLIKTÅR: Egil Mundal i Sogndal Fotball seier klubben i framtida vil krevje pliktår av unge spelarar som har blitt satsa på. Dei vil no ha slutt på gratisflukta av spelarar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, var ikkje nådig då han sist veke tok eit oppgjer med gratisflukten av unge spelarar frå klubben.

Mundal varsla i Sogn Avis at klubben i framtida i framtida vil krevje pliktår for unge spelarar som har blitt satsa på. Dette etter at dei over fleire år har opplevd at utviklingsspelarar har gått gratis frå klubben fordi dei ikkje vil forlengje kontrakten.

– Det vi ikkje synst er greitt er den trenden med at unge fotballspelarar er veldig takksame når dei blir satsa på i ein klubb som Sogndal.

– Men at det litt for fort blir gløymd når spelaren begynner å bli vidareutvikla, sa Mundal før helga til NRK.no.

Litt for krast og litt for hardt

Gustav Valsvik er ikkje i tvil om at Mundal sikta til han då han snakka om dei unge spelarane som vurderte å gå gratis.

Valsvik har sagt nei til forlenga kontrakt med Sogndal, seinast sist veke takka han nei til eit tilbod frå klubben. No står han fritt til å forhandle med andre klubbar sidan avtalen med Sogndal går ut ved årsskiftet.

– Utspelet føler eg er retta mot meg. Det står under 20 åra, og det er berre eg som har vore under 20 år og bosmanspelar.

– Eg synst det var litt for krast og litt for hardt, seier Valsvik til NRK.no.

– Får det noko å seie for di framtid i Sogndal?

– Det kan det godt gjere, eg har ikkje tenkt så mykje det på, seier 19-åringen.

Trudde Valsvik skulle bli selt

Og det kan verke som om Valsvik har eit poeng. Sogndal-trenar Jonas Olsson seier han er overraska over at Valsvik framleis er i stallen.

– Eg rekna med at han skulle bli selt i dette overgangsvindauget, og spelte med Azar på alle treningane, seier Olsson og seier dette var avgjerande for at Karadas fekk plass i startellevaren føre Valsvik.

Samtidig er Olsson klar på at Valsvik har gjort ein bra jobb for klubben denne sesongen.

– Gustav har gjort det veldig bra for oss. Det er dumt å ikkje bruke bra spelarar, dette var eit laguttak, det kjem fleire, seier Sogndal-trenaren.

Vil ikkje vere læregut lenger

Årsaka til at Gustav Valsvik har takka nei til å forlengje kontrakten med Sogndal skal ikkje vere pengar. I staden er det lengda på kontrakten han ikkje er nøgd med.

– Det er ein totalpakke, lengda på kontrakten og diverse, seier han og avviser at det har noko med dei økonomiske vilkåra å gjere.

– Nei, økonomi har vi ikkje hatt fokus på i det heile. Viss det hadde vore det, så hadde eg takka ja for lenge sidan.

– I vår var eg usikker på om eg fekk spele. Dei kalla meg ein læregut, men eg følte eg var klar til å spele og ikkje var ein læregut lenger, forklarar Valsvik.