Hopp til innhold

Startar rettssak mot rektor

I dag starta rettssaka mot rektoren frå Sogn som er tiltalt for å ha lasta ned overgrepsbilete av mindreårige. Mannen sa seg ikkje skuldig i det han er tiltalt for.

Louis Anda og Knut Broberg

NEKTAR: Advokaten til mannen, Louis Anda (t.v.), seier hans klient kjem til å nekte straffskuld når saka startar i Sogn tingrett måndag. Til høgre aktor Knut Broberg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Det er no to år sidan mannen vart pågripen, mistenkt for å ha lasta ned overgrepsbilete av mindreårige på ei datamaskin. Saka har vore utsett tre gonger, men denne veka kjem saka opp for Sogn tingrett.

Forsvararen til mannen, Louis Anda, seier hans klient nektar for å ha gjort det han er skulda for.

– Min klient avviser, og kjem også til å gje uttrykk for det i si forklaring, at dette er noko han har hatt noko med å gjere. Han har aldri vore inne og opna eller lasta ned barneporno, seier Anda til NRK.no før rettssaka starta.

350 overgrepsbilete

I august 2010 var eit heilt lokalsamfunn i Sogn i sjokk etter nyhenda om at rektoren på ein skule var pågripen og sikta for å ha lasta ned overgrepsbilete av mindreårige på ei datamaskin.

Mannen har heile tida nekta for å ha gjort noko gale, og har mellom anna vist til at dette er ei datamaskin som fleire har hatt tilgang til.

– Dette er ein PC som har stått på ein arbeidsplass der fleire har hatt tilgang – både familiemedlemmer og andre har hatt tilgang, sa advokaten hans, Louis Anda, til NRK.no like etter at mannen var pågripen.

Nektar for å ha gjort det

Mannen er tiltalt for å ha lasta ned og lagra to filmsnuttar og 350 overgrepsbilete av mindreårige på ei datamaskin. Mannen nektar framleis for å ha gjort dette, seier Louis Anda som forsvarar rektoren.

– Når det har kome på desse datamaskinene, som dels høyrer til han og andre, så må dette skuldast at andre har vore inne på datamaskina. Enten direkte eller ved såkalla hacking, seier Anda.

Han seier dette kjem til å vere problemstillingar som står sentralt i retten.

Utsett tre gonger

Rettssaka har vore utsett tre gonger. Saka skulle etter planen opp i juni i fjor, men vart då utsett fordi forsvararen kravde ytterlegare etterforsking.

I mai år vart saka utsett på ny. Denne gong fordi det var kalla inn så mange vitne at det ville ta lenger tid enn dei tre oppsette dagane.

Saka vart då flytta til byrjinga av juni, men måtte då utsetjast igjen fordi ein av politiet sine sakkunnige var sjukmeldt.

Forsvarar Louis Anda seier utsetjingane har vore ei belastning for hans klient.

– Det er klart det har vore ei belastning å få saka utsett og utsett. Mellom anna fordi det har samanheng med andre forhold, som til dømes hans stilling som rektor ved ein skule.

– Dette har vore ei belastning, så endeleg skal vi starte opp i dag, og vi meiner han bør frifinnast, seier Anda.

– Omfattande bevisførsel

Aktor i saka, Knut Broberg, vedgår at det har gått tid før saka no kjem for retten.

– Dette er både i samband med etterforskinga, med krav om ny gjennomgang av tekniske bevis, i tillegg til at saka er utsett ved to høver, seier Broberg og legg til:

– Det blir eit moment vi må ta med i ei eventuell straffeutmåling.

Det er sett av fem dagar i retten til saka.

– Det er varsla omfattande bevisførsel frå tiltalte si side, noko som gjer at saka tek noko lenger tid, seier Broberg.