Hopp til innhold

Åtvarar etter funn av falsk seddel

Politiet i Florø ber folk vere merksame etter at ein falsk hundrelapp blei brukt som betaling søndag.

Det var ein forretningsdrivande som oppdaga at nokon hadde gitt frå seg den falske seddelen. Han kontakta politiet og fortalde kva som hadde skjedd. Saka blir vidare etterforska av politiet i Florø.

Politiet har berre fått melding om denne eine seddelen, men utelukkar ikkje at fleire kan vere i omløp.

– Folk bør vere observante, oppmodar politiet.