Hopp til innhold

Lokkar med halvnakne voksdamer på herretoalettet

Halvnakne damer på herretoalettet på Lægreidspuben i Sogndal har blitt ein stor attraksjon. Det har blitt lange køar i løpet av helga.

Lægreidspuben i Sogndal har fått ein ny attraksjon på herretoalette.

SJÅ VIDEO: Hotelleigaren viser korleis herretoalettet fungerer.

Atle Lægreid

NØGD: Atle Lægreid gler seg over dei nye toaletta.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Dametoalett på Lægreid-puben

DAMEDOEN: Dette toalett ser ut som ein utedo.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var Sogn Avis som først skreiv om dei nakne damene som nærast har skremt vettet av mange.

Hotell- og pubeigar Atle Lægreid har nemleg oppgradert toaletta og lagt inn noko heilt spesielt. For kjedeleg toalett ville han ikkje ha.

Mange får sjokk

Bak ein vegg av skotsikkert glas ved pissoaret, står det to lettkledde damer laga av voks.

Først ser det ut som ein vanleg vegg, men fem sekund etter at mennene har stilt seg opp for å tisse, kjem går lyset på og damene blir synlege.

– Det er mange som har fått sjokk. Dei ventar ikkje at noko slikt skal skje. Det har vore litt forskjellige reaksjonar, men dei fleste er positive og tek det med eit smil, seier Lægreid til NRK.no.

– Ser nok mannfolka an

Etter nokre sekund slukkar lyset og det blir igjen ein grå vegg. Lyset går på igjen når ein sensor merkar at det er folk framfor pissoaret. Men det er visst ikkje alltid det verkar heilt etter planen.

– Kanskje dei ser mannfolka an, ler Lægreid.

– Kven er det som har kome på ideen om slike toalett?

– Det er nok eg som er ansvarleg for det.

Han tykkjer det er positivt at folk gir tilbakemeldingar etter eit toalettbesøk på puben.

– Det er både provoserande og lattervekkjande og det er det som er hensikta, seier han til NRK

Jenter snik seg inn

Sogn Avis skriv at det har blitt kaos på herretoalettet etter at ryktet spreidde seg.

– Eg har jaga vekk 14 jenter frå herretoalettet som hadde gått inn fordi dei absolutt ville sjå desse damene, seier han.

Totalt har det kosta 1,5 millionar kroner å oppgradere toaletta. Men sjølv om herretoalettet har fått halvnakne voksdokker, har ikkje dametoalettet blitt utstyrt med halvnakne menn.

Her er det sett opp noko som ser ut som eit dobbelt utedo.Men det er kanskje noko som passer bra, sidan mange damer likar å gå to og to når dei skal på do.

– Det skal ikkje vere kjedeleg å på toalettet her på hotellet, seier han med eit smil.

Herretoalett på Lægreidspuben

VOKSDAMER: Slik ser damene ut når dei trer fram frå mørket.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK