Hopp til innhold

Tre til sjukehus etter kollisjon

To bilar har kollidert på E39 i Halbrendslia i Førde. Politiet åtvarar mot svært glatt vegbane.

Kollisjon på E39 i Halbrendslia

TRE TIL SJUKEHUS: Bilane kolliderte i Halbrendslia på E39 i Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det var tilsaman tre personar i dei to bilane og alle er sende til Førde sentralsjukehus med lettare skader.

Bilane kolliderte i svingen ved avkøyringa til Liavegen, like ovanfor Rikets Sal. Brannvesen, politi og ambulansar rykka ut til staden.

Poltiet veit enno ikkje årsaka til samanstøyten, men seier det er svært glatt i området.

– Det er så glatt at ein politmann sklei på støvlane sine. Vi ber alle køyre forsiktig her, seier vaktoperatør Stian Antonsen.

Bilane måtte tauast bort frå staden etter ulukka. Saka vert vidare etterforska ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Kollisjon på E39 ved Halbrendslia

KØ: Det blei køar på E39 etter samanstøyten.

Foto: Tone Merete Lillesvanstu / NRK