Hopp til innhold

Politiet jakta på motorsyklist

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet jakta søndag ettermiddag på ein motorsyklist som køyrde med høg fart.

Det var ei sivil UP-patrulje som meldte frå om motorsykkel i høg fart mellom Strynefjellet og Hjelledalen. Motorsyklisten var på veg vestover.

Han ville ikkje stoppe på signal frå UP og stoppa heller ikkje ved ein politipost på Skredestranda.

Først ved Hjelle-krysset fekk politiet kontroll på motorsykkelføraren som er ein mann i 40-åra frå Austlandet.

Han har erkjend forholda og førarkortet blei beslaglagd. Saka blir etterforska vidare etterforska ved Eid lensmannskontor.