Hopp til innhold

Skulle feire seg sjølv - fekk Kongens fortenestemedalje

Gründer Arne Olav Østerbø fekk laurdag kveld Kongens fortenestemedalje. – Eg blei skikkeleg rørt, seier han dagen derpå.

Arne Olav Østerbø og Ellinor Rott

RØRT: Arne Olav Østerbø tykkjer det er stas at han fekk Kongens fortenestemedalje. Her med sambuar Ellinor Rott.

Foto: Britt Sissel Kyrkjebø

Utdelinga skjedde under 35-årsfeiringa til Østerbø Maskin på Høyanger sørside i går kveld. Fortenestemedaljen blir delt ut til «lønn for fortenester av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste».

Hadde gøymd fylkesmannen

Arne Olav Østerbø seier han ikkje forstod heilt kva som skjedde. Han ante ingenting om at han skulle motta denne utmerkinga då han og dei andre tilsette var samla for å feire seg sjølv.

Sveisehallen var vaska og oppvarma. Det var dekka langbord til 160 personar og koldtbord stod på menyen. Men det var altså ei overrasking på gang. Fylkesmann Anne Karin Hamre var gøymd for at han ikkje skulle sjå ho før utdelinga starta.

– Det var veldig overraskande og hadde ikkje drøymt om dette. Eg fekk tårer i auga og klump i halsen, fortel han til NRK.no.

–Kvifor fekk du denne utmerkinga?

– Eg fekk fortenestemedaljen for å ha laga 30 arbeidsplassar og for å få til å drive eit firma i distriktet.

Viktig for sørsida

Han starta opp Østerbø Maskin A/S i 1974 og det har blitt ei av dei store verksemdene på Høyanger sørside. I dag er det omlag 30 tilsette i bedrifta.

– Det har gått veldig bra å drive i ein utkant fordi eg har hatt gode folk med meg. Og dei tilsette set pris på å kunne jobbe i bygda dei har vakse opp i.

Først dreiv bedrifta med reparasjon og vedlikehald, medan dei i dag produserer elektromekaniske produkt og produkt til landbruk og havbruk. I tillegg importerer dei ein del utstyr for sal.

– Vi har også fått ein del kontaktar offshore, seier han.

Gir seg ikkje enno

I løpet av kvelden blei det mange talar og godord. Dette set Østerbø stor pris på.

– Det var ein veldig fin kveld. Alle meinte eg fortente utmerkinga, seier han.

Han har gitt frå seg det daglege ansvaret, men er framleis med i bedrifta. 68-åringen har ikkje tenkt å gi seg enno.

– Eg styrer ikkje så mykje med dagleg drift, men det er nok å henge fingrane i. Eg blir med så lenge det er moro, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Holen på Østerbø Maskin

SVEISEHALLEN: Dagleg leiar Steinar Holen ønskjer velkommen til sveisehallen som laurdag kveld var festpynta.

Foto: Britt Sissel Kyrkjebø

Mykje spennande framover

Dagleg leiar Steinar Holen overtok ansvaret i november i fjor. Han har jobba over 25 år i verksemda.

– Det var stas for alle at Arne Olav fekk medaljen. Det var vel fortent og fantastisk for oss alle, seier Holen.

Han ser for seg ei spennande framtid for Østerbø Maskin og seier dei har mykje spennande på gang.

– Eg vil ikkje seie kva det er, men det er mykje som skjer framover.