Hopp til innhold

– Musikken er psykologen min - utan den hadde eg gått på veggen

– Dette har vore ei veldig emosjonell helg, seier artisten Michael Kildal frå Florø etter at han var på TV i beste sendetid.

Michael Kildal

GJEKK VIDARE: Michael Kildal gjekk frå Florø gjekk vidare i Norske Talenter.

Foto: Privat

21-åringen hadde meldt seg på TV2-programmet Norske Talenter og fredag kveld var det første audition som blei vist. Michael Kildal var ein av dei heldige som gjekk vidare.

Framfor dommartrioen Adil Khan, Mia Gundersen og Alex Rosén rappa han om livet, forholdet til musikken og mora si. Dommaren likte det dei høyrde og sende han vidare i programmet.

Etter det har han fått masse positiv respons.

– Det har vore ganske sjukt og ei ganske emosjonell helg. Det har eksplodert på Facebook og på mobiltelefonen, seier han til NRK.no.

– Korleis er det å vere med på noko slikt?

– Det er gøy. Eg er litt crazy, så eg passer å vere med på eit slikt sirkus, ler han.

Gjer det han likar best

Han har den amerikanske rapparen Snoop Dog som førebilete og har drive med musikk på heiltid sidan han var 17 år.

I 2008 blei han politimeld etter å ha skrive ein tekst som ei jente reagerte på. Same året endra han også stil for å bli meir kommersiell.

– Det er ikkje pengar, glamour eller damer i det eg driv på, men eg gjer det eg likar, seier Kildal som nyttar Xzwer som artistnamn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Michael Kildal

FØLTE SEG ANNLEIS: Michael Kildal fortel om korleis ADHD-diagnosen har prega livet.

Foto: Privat

ADHD-diagnose pregar livet

Kildal har ADHD og seier det pregar livet hans. I barndommen blei han mobba fordi han var annleis. På nettavisa side2.no åtvarar han mot å medisinere barn med denne diagnosen.

– Å få diagnosen og byrje med piller, var negativt for meg. Dei pillene var inngangsporten til alt mogleg slags skit, sa han til nettavisa.

– Hadde blitt innelåst utan musikken

Han føler livet går betre no, for han har fått alle dei svara han treng.

– Men eg er framleis ein som slit med biverknader av ADHD. Eg er ein annleis person, Mange seier det til meg, at eg ikkje er heilt vanleg. Dei klarer ikkje å definere det, seier han til NRK.no.

Artisten seier at alle kjensler blir så mykje sterkare hos han. Han er glad han har musikken i livet sitt.

– Hadde eg ikkje hatt musikken, hadde eg vore innelåst på eit galehus. Musikken er psykologen min. Eg hadde gått på veggen utan den.

– Vanskeleg å konkurrere mot søte småjenter

Han meldte seg på talentkonkurransen fordi familien maste og pressa på.

– Spesielt mamma var ivrig på at eg skulle gjere det. Du har ingenting anna å ta deg til no, så kom deg med, sa ho til meg.

Norske Talenter er eit program der alle slags talent blir vist fram, som musikk, dans, turning og trylling. Akkurat det trur Kildal blir litt spesielt.

– Det er det einaste problemet, for eg skal konkurrere mot heilt andre type folk og talent. Eg forstår ikkje korleis eg skal konkurrere mot søte småjenter som syng perfekt, akkurat som det skulle vore ein Disney-film. Det er litt vanskeleg å tru at eg skal hevde meg mot dei, seier han.

Men om han kjem seg vidare i konkurransen, håper han at folk vil stemme på han.

– Eg håper heile vestkysten vil stille opp og stemme på meg, seier han.

Stolt mamma

Kildal fortel at mora er veldig stolt av han etter TV-sendinga fredag.

– Mamma er alltid stolt, men kanskje eg har gjort ho litt ekstra stolt no, Eg håper ho kan vere det utover i sendingane også.

Kildal seier han har mykje spennande på gang i tida framover.

– Det har eg, og eg håper eg får gitt ut ny musikk snart, seier han.